Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PassasjerterminalarChevronRight
  4. Passasjerar med psykisk utviklingshemmingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Passasjerar med psykisk utviklingshemming

Her lærer du litt om behova til reisande med psykisk utviklingshemming.

Bussjåfør bak rattet. Foto.
Sjåføren må skape tryggleik for alle dei reisande.

Personar med ei psykisk utviklingshemming har nedsett evne til å lære og nedsett moglegheit til å klare seg aleine i samfunnet. Psykisk utviklingshemma som reiser aleine, kan lett skape problem. For å førebyggje at problem oppstår, er det viktig å skape tryggleik rundt den utviklingshemma.

Det finst ingen fasit for korleis vi skal hjelpe funksjonshemma passasjerar. Det beste er å opptre roleg og avslappa. Samtidig må vi vere merksame på at vedkommande kan ha problem med å orientere seg i omgjevnadene. Du kan prøve å halde auge med vedkommande og hjelpe til når du føler at det trengst. Du kan også bidra til at dei andre passasjerane får ei positiv haldning til den psykisk utviklingshemma.

Læringsressursar

Passasjerterminalar