1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PassasjerterminalarChevronRight
  4. Reisande som er avhengige av stokk eller krykkjerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reisande som er avhengige av stokk eller krykkjer

Her lærer du litt om behandling av reisande som er avhengige av stokk eller krykkjer.

Passasjer med spesielle behov
Passasjer med spesielle behov

Du skal aldri ta for gitt at passasjerar med stokk eller krykkjer treng hjelp. Mange har lært seg å bli sjølvhjelpte og vil helst vere det. Er du usikker, er det best å spørje om du skal hjelpe til.

Etter kvart som levealderen aukar, blir stadig fleire personar avhengige av å bruke stokk eller krykkjer. Andre har behov for enda meir støtte for å ta seg fram. Dei bruker gjerne ein rullator. Rullatorar må bli plasserte i bagasjerommet. Dei som bruker rullator, treng derfor å bli støtta til og frå sitjeplassen i transportmiddelet.

Passasjerterminalar skal i dag ha universell utforming (sjå lenkje i margen). Men mykje står att før dette gjeld alle terminalar. Enkelte kan derfor trenge hjelp til å ta seg opp trapper (og rulletrapper der det manglar heis).

Lenkje

Universell utforming i plansammenheng

Læringsressursar

Passasjerterminalar