1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PassasjerterminalarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Passasjerterminalar

Her lærer du korleis du bør opptre i omgang med passasjerar på ein passasjerterminal.

Mange mennesker på jernbaneterminal. foto.
Jernbaneterminal

Ein passasjerterminaler eit anlegg der passasjerar går på, av eller byter transportmiddel. Definisjonen omfattar mange ulike terminaltypar. Denne tabellen viser nokon av dei.

Terminaltype
Sentrumsterminal for bussarEnkel gateterminal med eller utan leskur. Passasjerane på slike terminalar er stort sett sjølvhjelpte og betener seg sjølv.
RegionbussterminalTerminal med venterom der det er mogleg å oppbevare bagasje for passasjerane, med tilgang til toalett og kanskje litt lett servering.
HurtigbåtterminalTerminal med venterom der det er mogleg å oppbevare bagasje for passasjerane, med tilgang til toalett og kanskje litt lett servering.
FlyterminalLufthamner er normalt bygde ut med ei rekkje funksjonar. Somme er lovpålagde, andre skal vere eit servicetilbod til passasjerane.
JernbaneterminalSlike varierer frå lokale terminalar med sjølvbetening til den største terminalen i Noreg, Oslo Sentralstasjon.
Terminalar for internasjonal transportSlike terminalar vil ofte vere lagde til rette med passkontroll av passasjerar og tollkontroll av varene passasjerane har med seg. Internasjonale flyplassterminalar har i tillegg taxfree-butikkar. Mange spør om kor stor kvote dei kan ta med seg lovleg inn i landet, og då må du vere i stand til å svare.

Tabell: Nokre passasjerterminaltypar

Du har tidlegare lært om kor viktig kroppsspråket er ved kundebehandling. Dette gjeld også i situasjonar der du står overfor passasjerar. Bruk derfor kroppsspråket aktivt når du står overfor ein passasjer.

Flyterminal
Flyterminal

Læringsressursar

Passasjerterminalar