SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fraktberekning

Her lærer du korleis vi bereknar frakt av samlastgods.

Hender, kulepenn og kalkulator. foto.

Etter at fraktbrevet er kontrollert og opplysningane i fraktbrevet er sjekka mot informasjonen på kollia, skal ein rekne ut fraktbeløpet. Utgangspunktet er fraktregulativet til samlastspeditøren. Frakta er avhengig av transportavstanden og vekta på sendinga.

Speditørar utarbeider fraktregulativa sine basert på dei regulativa på gods som inneheld normal vekt i forhold til volum, det vil seie normal tettleik. For å forstå korleis du skal berekne korrekt frakt ut frå eit fraktregulativ, må du forstå omgrepet tettleik.

Tetthet=vekt i kilogramvolum i kubikkdesimeter

1 desimeter (dm) = 10 centimeter (cm)

1 meter (m) = 10 desimeter (dm)

1 kubikkdesimeter (dm3) (høgd x breidd x lengd) = 1 dm x 1 dm x 1 dm = 1 dm3 = 1 liter

1 kubikkmeter (m3) = 10 dm x 10 dm x 10 dm = 1000 dm3 = 1000 liter

Tetthet 1,0 betyr at 1 kg opptar et volum på 1 liter eller 1 dm³.
Tettleik 1,0 betyr at 1 kg opptar eit volum på 1 liter eller 1 dm³.

1 kg vatn har eit volum på 1 liter. Derfor blir tettleiken for vatn 1,0 (1,0 kg:1 dm3 = 1 kg per dm3). Varer med lågare tettleik enn 1,0 flyt i vatn, varer med høgare tettleik søkk.

Bly

Bly har ein tettleik på 11,34 kg per dm3. 1 liter (1 dm3) bly veg altså 11,34 kg. Om vi lastar ein semikonteinar med eit lastevolum på 75 m3 og ein tillaten nyttelast på 20 tonn med bly, vil lasten berre oppta eit volum på 1,763 m3. (20 000 kg:11,34 kg per dm3 = 1763 dm3).

Oppgåve
Kva blir vekta av lasten om du fyller heile volumet i semikonteinaren med bly?

Glava

Tilsvarande har Glava (steinull som vi bruker til bygningsisolasjon) ein tettleik på 0,02. Dette betyr at ein kubikkmeter (1 m3) Glava berre veg 20 kg. Om vi fyller eit lasterom på 75 m3 (ein heil semikonteinar) med Glava, vil lasten berre vege 1500 kg (20 kg per m3 x 75 m3 = 1500 kg).

Når tettleiken for godset vi mottar, er låg, må vi derfor bruke omrekningsfaktorar i forhold til normalfraktregulativet. Kva omrekningsfaktorar du skal bruke for ulike typar gods, går fram av dei ulike fraktregulativa.

Læringsressursar

Godshandtering og passasjerbehandling på terminalar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter