Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Godshandtering og passasjerbehandling på terminalarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Undersøkingsplikta til fraktføraren

Her lærer du kva du må passe på når du inngår ein fraktavtale.

Eksempel på forbehold ved mottak av gods som skal sendes videre.
Eksempel på forbehold ved mottak av gods som skal sendes videre

Vegfraktlova pålegg ein fraktførar å undersøkje godset og opplysningane i fraktbrevet når han eller ho overtar gods som skal sendast. Vi finn reglane i vegfraktlova § 12.

Opplysningane i fraktbrevet dokumenterer fraktavtalen og kan bli brukt som bevis (sjå vegfraktlova § 13 i margen) i ein eventuell tvist om fraktavtalen. Derfor er det viktig å vere så presis som mogleg når fraktavtalen blir inngått.

Om ein kunde leverer eit kolli som er dårleg emballert (sjå vegfraktlova § 14 i margen), er det svært sannsynleg at godset kan bli skadd under transport. Vi vil ikkje risikere å måtte betale erstatning for transportskadar på kolli som i utgangspunktet er dårleg emballert. Derfor skriv vi eit atterhald inn i merknadsrubrikken i fraktbrevet.

Når ein avsendar kvitterer på fraktbrevet med atterhaldet som i figuren over, fråskriv avsendaren seg retten til erstatning dersom godset blir skadd på grunn av den dårlege emballasjen. Om vi som fraktførarar ikkje tar eit slikt atterhald, pliktar vi å erstatte godset dersom det blir skadd.

Avsendarar som overlèt farleg gods til transport, har plikt til å gi nødvendige opplysningar om godset. Reglane finn vi i vegfraktlova § 15 (sjå lenkja i margen). Lova seier ikkje kva du skal gjere dersom avsendaren ikkje kan gi dei nødvendige opplysningane. Du bør vurdere å nekte å transportere slikt gods.

Lenkjer:

Vegfraktlova § 12

Vegfraktlova § 13

Vegfraktlova § 14

Vegfraktlova § 15

Læringsressursar

Godshandtering og passasjerbehandling på terminalar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter