1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. TrafikktryggleikChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Trafikktryggleik

Her skal vi sjå på nokre faktorar som verkar inn når det skjer uhell med transportmiddel, og spesielt på tilhøvet mellom krava frå trafikksystemet og kva føraren er i stand til å yte.

Lastebil på smal vei på vinterføre. foto.

Ved å følge denne lenkja til fagartikkelen Veg, kan du repetere stoff frå Vg 1.

I dei aller fleste uhella med transportmiddel verkar den menneskelege faktoren inn. Statens havarikommisjon for transport (SHT) hevdar at den menneskelege faktoren ikkje er ei årsak, men eit symptom på systemfeil. Med det meiner dei at det er fleire faktorar som speler inn ved alle ulykker, og at når krava frå trafikksystemet overstig yteevna til mennesket, vil det kunne skje ei ulykke.

Dette kan vi vise i eit diagram:

Modell av tilhøvet mellom krav fra trafikksystemet og kva føraren er i stand til å yte
Modell av tilhøvet mellom krav frå trafikksystemet og kva føraren er i stand til å yte.

Den raude linja viser krava frå trafikksystemet. Dei varierer heile tida. Når krava overstig det føraren er i stand til å yte, kan det skje ei ulykke.

Tenk deg denne situasjonen: Ein bussjåfør snakkar med ein passasjer samtidig som han køyrer. Merksemda er delt mellom køyringa og samtalen med passasjeren. Med eitt spring eit barn over vegen. Krava frå trafikksystemet aukar brått og kan overstige det føraren er i stand til å yte. Ei ulykke kan oppstå.

Menneske kan gjere feil. Vi blir trøytte, slitne, påverka av kjensler eller opptekne av andre ting. Det er det den menneskelege faktoren handlar om.

Lenkje til video om tungtransport på gamle, smale veier: Tor Tenden.

Læringsressursar

Trafikktryggleik