Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
  4. BrannvernChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brannvern

Brann kan oppstå, og derfor er det viktig at du veit kvar det kan begynne å brenne, og korleis du kan få bukt med ein brann som har utvikla seg. Det kan redde mange menneske. Dette skal du lære meir om her.

Brannslukningsapparat og brannslange. Foto.

Enkel brannteori

Branntrekanten. Illustrasjon.
Branntrekanten: Høg nok temperatur, brennbart materiale og oksygen.

For at det skal bli brann, må tre faktorar vere til stades:

  • luft
  • brennbart materiale
  • varme

Det kallar vi branntrekanten.

Fjernar vi ei side i trekanten, vil det ikkje kunne brenne, og det er dette prinsippet brannsløkkjarane nyttar. Dei fleste handhaldne apparata blokkerer for lufttilførselen på ein eller annan måte. Anten blir oksygenet fortrengt, eller så dannar det seg ei hinne over det brennbare materialet som stengjer for lufttilførselen.

Farleg røyk

Gul plakat der det står brannvesenet 110. Illustrasjon.

Røyken kan innehalde opptil 5000 skadelege stoff. Viss du blir utsett for mykje røyk, døyr du. Skal du sløkkje ein bilbrann, må du gjere det med vinden eller trekken i ryggen. Viss det brenn i eit rom og du ikkje greier å sløkkje flammane, må du stengje dørene slik at minst mogleg luft kjem til. Ring brannstellet (110).

Røyk er lettare enn luft, og ved brann i eit rom eller i ein buss legg røyken seg oppunder taket. Det gjer at sikta og lufta nede ved golvet kan vere god. Ved evakuering av eit røykfylt rom eller ein buss er det ofte riktig å krabbe på golvet for å komme seg ut.

Bilbrann

Orange skilt på bil. Foto.
Farleg gods.

Det er enklare og billegare å førebyggje ein brann enn å stoppe han. Det gjeld òg brann i køyretøy. Ei vanleg brannårsak på mindre køyretøy er anten brann i motoren eller i det elektriske anlegget. Årsaka til brann i motor er normalt drivstofflekkasje eller sterkt tilsmussa motorrom. Brann i det elektriske anlegget er ofte forårsaka av ei kortslutning. Mange koplar ekstrautstyr på bilen sjølve, utan at dei har nødvendige kunnskapar om det. Ekstralys og musikkanlegg er det vanlegaste. Ein kollisjon kan føre til brann både i det elektriske anlegget og i motoren.

Bilbrann er dramatisk og farleg fordi det finst mange giftige gassar i røyken frå ein bilbrann. Kopl derfor ikkje til ekstrautstyr sjølv utan at du har kunnskap om det. Sjekk også slangar og koplingar på drivstoffsystem eller la andre gjere det, og hald motorrommet reint.

På tyngre køyretøy kan det bryte ut brann i bremser og dekk. Det er ein vanskeleg og farleg brann som lett kan utvikle seg.

Kanskje du har lagt merke til at nokon bilar har eit oransje skilt festa framme og bak? Skiltet kan vere einsfarga eller ha tal. Dette skiltet betyr at køyretøyet er lasta med farleg gods, eller at det har hatt farleg gods om bord og ikkje er reingjort. Det utgjer ein ekstra fare, og ved varsling er det viktig at alarmsentralen får vite at det er eit slikt skilt på eit køyretøy som er innblanda i trafikkuhell.

Ved bilbrann finner du sløkkingsmiddel i desse køyretøya:

  • buss
  • ambulanse
  • lukka beltebil
  • bil som blir brukt til transport av funksjonshemma mot vederlag
  • campingbil og registrert campingtilhengjar

Brannsløkkjarar

Brannslokkingsapparat.foto.
Bruksområdet til eit apparat er vist ved merking. Legg merke til at apparatet også kan brukast ved brann i elektriske anlegg opp til 1000 V.

Vi deler brannsløkkjarane inn i klassar alt etter kva dei eignar seg til:

  • A passar til å sløkkje brann i fast organisk materiale som trevirke, papir, tekstilar og liknande.
  • B passar til å sløkkje brann i væsker som bensin, diesel, olje og måling.
  • C kan brukast mot brann i gassar.

Dei fleste brannsløkkjarane i bilar dekkjer fleire klassar. Det kjem fram av etiketten på apparatet.

Effektiviteten til eit brannsløkkingsapparat kjem an på kor mykje sløkkingsmiddel det inneheld. Dei vanlegaste apparata rommar anten 2 eller 6 kg. Det finst òg apparat med 9 eller 12 kg pulver. Det er logisk at eit lite apparat sløkkjer mindre brannar enn eit stort apparat.

Når du skal kontrollere eit brannsløkkingsapparat, ristar du det kraftig. Pulveret kan forsteine seg, og i eit brannsløkkingsapparat som er i orden, skal du høyre at pulveret er laust. Du kan lausne på pulveret ved å kakke på apparatet med ei gummiklubbe slik at pulveret losnar.

Visaren på manometeret skal stå på grønt, og plomberinga skal vere intakt. Med jamne mellomrom skal apparatet kontrollerast av ein fagperson: årleg om det gjeld eit apparat i eit nyttekøyretøy, og kvart femte år om det er eit privatapparat i bilen din.

Manometer på brannslukkingsapparat. foto.
Visaren skal stå på grønt.

Bruk av brannsløkkjar

Det begynner å brenne, og du hugsar at ein stor og øydeleggjande brann også tek til i det små. Derfor grip du ein brannsløkkjar for å begynne sløkkingsarbeidet. Du avgjer raskt ved å sjå på etiketten at apparatet eignar seg for å sløkkje brann i dei fleste materialar, sidan det står ABC på etiketten. Framgangsmåten vidare er slik:

  1. Gå mot brannen med trekken i ryggen medan du trekkjer ut sikringa.
  2. Rett munnstykket på apparatet mot rota av flammen og pøs på pulver til brannen er sløkt.
  3. Er temperaturen blitt høg nok, kan brannen blusse opp igjen. Då gjer du det heile ein gong til. Ver oppmerksam på at apparatet uansett storleik blir tømt på berre nokre sekund.

Dette krev trening før det blir alvor.

Brenn det i ein motor, er det best om du pøser pulveret inn frå undersida utan å opne panseret eller motorluka. Då får ikkje brannen luft, og sjansen for å sløkkje han blir større.

Viss det begynner å brenne og du ikkje har tilgang til eit sløkkingsapparat, kan du kvele flammane med eit teppe eller liknande. Sand og jord kan òg nyttast til å sløkkje ein brann.

Evakuering frå tunnel

Brann i tunnelar er farleg. Utanfor tunnelane er det lys som viser om tunnelen er stengd, men nokon kan oversjå lysa eller ignorere dei og dermed køyre rett inn i ein tunnel der det brenn. Oppdagar du brann inni ein tunnel, må du komme deg ut fortast mogleg. Redd først deg sjølv og varsle brannstellet, helst frå ein av telefonane inne i tunnelen. Brannstellet får nemleg opplyst nøyaktig kvar du ringjer frå, når du bruker ein slik telefon.

Forslag til praktisk oppgåve

Sløkk brannen som læraren tenner på i eit kar med brennbar væske.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs