1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
  4. UlykkesberedskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulykkesberedskap

Med ulykkesberedskap meiner vi at du har dei kunnskapane og ferdigheitene som er nødvendige for å setje i verk handlingar på ein ulykkesstad slik at skadeomfanget blir minst mogleg. Dette skal vi sjå nærmare på her.

Stor ansamling biler etter kjedekollisjon. Foto.

Når du er trafikant, er det svært sannsynleg at du ein eller annan gong blir vitne til ei trafikkulykke, og då har du plikt til å bidra med nødvendige tiltak. Det står presisert i vegtrafikklova § 12.

Kvar skjer trafikkulykkene?

Trafikkulykker skjer overalt der motoriserte køyretøy ferdast. Dei mest alvorlege ulykkene skjer på landevegen, noko som ofte heng saman med for stor fart.

Åtferdsforskar Dagfinn Moe ved Sintef hevdar at gutar ikkje har utvikla god nok risikoforståing før dei er rundt 25 år. I ungdomsulykker er det gutane som døyr som bilførarar, medan jentene døyr som bilpassasjerar. Derfor er det viktig at passasjerane vågar å seie ifrå når nokon køyrer på ein måte som blir oppfatta som risikofull. Gutar som skal kjekke seg for jenter med vill bilkøyring, kan føle seg dumme dersom dei forstår at oppførselen deira kan bli oppfatta som barnsleg. Då vil dei forhåpentlegvis setje ned farten.

Å vere mentalt førebudd

Redningsmannskap jobber ved ulykkessted etter trafikkulykke med tung bil. foto.
Redningspersonellet er godt mentalt førebudd.

Det er viktig å vere mentalt førebudd på at du kan bli involvert i eit trafikkuhell. Viss du er førebudd og har øvd på dei vanlegaste tiltaka, kan du gi betre hjelp. Overraskinga ved ei plutseleg hending blir òg mindre.

Redningspersonellet førebur seg mentalt på det som skal møte dei, i den tida det tek å komme seg til ulykkesstaden, medan du kan vere midt oppi ei ulykke på ein brøkdel av eit sekund. Det gjeld anten det er ei trafikkulykke eller det skjer eit uhell på ein terminal med til dømes gaffeltruck, jekktralle eller at kundar fell om.

Kva gjer ein når ulykka er et faktum?

Tenk deg at du glad og lykkeleg kjem køyrande i mørket saman med ein av vennene dine. Du blir køyrd forbi av ein bil du kjenner att frå skulen. Når du kjem ut av første sving, har det skjedd ein kollisjon. Du ser lysa frå knuste billykter, damp som stig frå motorromma, og i lysa frå din eigen bil ser du eit menneske som ligg utanfor den eine bilen. I den andre bilen sit det ein person med hovudet ned i ei utløyst kollisjonspute. Du kan høyre jamring frå personen som ligg utanfor bilen, og kvesing frå eit kjølesystem som lek. Elles er det stille.

Kva skal du gjere først? Det første du må tenkje på, er at ulykka ikkje skal bli større. Du kan ikkje hjelpe andre dersom du sjølv blir påkøyrd. Stans bilen du køyrer, på ein slik måte at andre kan få eit førevarsel. Set derfor på nødblinkarane på bilen og ta på deg refleksvest. Syt for å sikre skadestaden med ein varseltrekant. Det skal vere ein varseltrekant i alle bilar, og det er lurt at du veit kvar i bilen han er, før du får bruk for han. Ber varseltrekanten framfor deg med reflekssida ut og set han opp om lag 150 meter frå ulykkesstaden – i dette tilfellet før svingen.

Lenkje til videoen "Først på ulykkesstedet" frå Falck Norge.

Oversikt

Gul ambulansebil med telefonnr 113 trykket på sideruta bak. Foto.
Det kjem no signal frå styresmaktene som tyder på at det skal bli eitt felles nødnummer i Noreg, slik det er i andre land.

Spring tilbake til skadestaden og skaff deg oversikt over omfanget av ulykka. Det kan skje medan du ringjer 113, AMK-sentralen. Der får du psykisk støtte og rettleiing i det du skal sjå etter og leggje vekt på. AMK er ei forkorting for Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, og dei sender ut ambulanse med medisinsk redningspersonell. Dersom ulykka krev anna enn medisinsk redningspersonell, til dømes politi (112) eller brannstell (110), vil AMK- sentralen varsle dei. Det er derfor nok at du ringjer 113.

Når du ringjer AMK-sentralen, spør dei først kva du heiter. Dei vil òg spørje kva som har skjedd, og kvar det har skjedd. Det er ikkje alltid så lett å vite kvar du er. Tenk deg at dette har skjedd i eit aude område, og at det er lenge sidan du køyrde gjennom ein tettstad. Har du GPS på telefonen eller i bilen, viser koordinatane deg nøyaktig kvar du er.

Viss du ikkje kan seie kva koordinatane dine er, kan du få spørsmål om kva nummer vegen har, kvar du skulle, kvar du kom ifrå, kor lenge det er sidan du køyrde gjennom ein tettstad, kva du ser i området – til dømes merkestakar med avstandsmarkering i vegkanten.

Du blir bedd om å finne ut kor mange som er skadde. Dersom det er vakne personar i bilane, bør du snakke med vedkommande og spørje kor mange som var med, slik at ein ikkje overser nokon. Når personar som er komne til skade, ynkar seg, veit du at dei pustar og lever, så det er viktig å konsentrere hjelpa om dei som er stille. Det verste du kan gjere, er å ikkje gjere nokon ting.

Prøv å skildre skadestaden slik at redningsmannskapane får eit inntrykk av kor stor energi det var i ulykka. Det vil vanlegvis seie om farten har vore høg. Slike opplysningar gir ein peikepinn om kva tiltak som kan vise seg å vere nødvendig.

Få hjelp av andre

Alle som – med eller utan skyld – er innblanda i trafikkuhell, har plikt til å hjelpe. Oftast vil det komme andre trafikantar til staden, og dei har òg hjelpeplikt. Då er det viktig at den som har oversikt over skadestaden, fortel kvar det er størt behov for hjelp. Eller kanskje du treng avløysing?

Nokon menneske reagerer med hysteri. Dei må ha ei hand å halde i og nokon som tek seg av dei. Ta dei bort frå området og syt om mogleg for at det er ein person saman med dei. Ver roleg og trøystande.

Kollegahjelpen

Næringsorganisasjonane har ofte eit hjelpeapparat som kan bistå etter ei ulykke. Kollegahjelpen til Norsk Lastebileier Forbund (NLF) er viktig dersom lastebilar er involverte i ei ulykke. Denne lenkja går til nettsida Kollegahjelpen 415 44 400.

Uhell på arbeidsplassen

Skjer det eit uhell på arbeidsplassen, ringjer du òg 113 og fortel kva som har skjedd. 113 er ein medisinsk nødtelefon for alle typar uhell som krev medisinsk hastehjelp. Eit godt tiltak du kan setje i verk på skulen eller arbeidsplassen, er å få greie på kvar brannsløkkjarar og førstehjelpsskrin er plasserte. Det kan spare viktige sekund om uhellet er ute.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs