1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
  4. UlykkerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulykker

Her får du ein del fakta om arbeidsulykker og trafikkulykker i Noreg. Tala viser kor sannsynleg det er at du på eit eller anna tidspunkt vil få bruk for kunnskapar i livreddande førstehjelp, kunnskapar om sikring av skadestaden ved trafikkulykker og ferdigheiter i å sløkkje mindre branntilløp.

Sykebiler og brannbiler parkert i gatekryss.foto.

Arbeidsulykker

Arbeidsulykker som fører til at den skadde dør innan eitt år etter ulykka, blir rekna som eit arbeidsskadedødsfall her i Noreg.

Arbeidstilsynet sitt myndigheitsområde omfattar det landbaserte arbeidslivet. Her blei det i 2010 registrert i alt 42 arbeidsulykker som valda til saman 46 arbeidsskadedødsfall. (Kjelde: Arbeidstilsynet)

I perioden 2000–2008 blei i gjennomsnitt om lag 27 000 arbeidsskadar legebehandla kvart år.

I 2010 omkom 208 personar i trafikken, og i perioden 2000–2008 blei i gjennomsnitt om lag 11 650 personar skadde per år. Det vil seie at det er om lag 4,5 gonger så mange som døyr i trafikken som i arbeidsulykker, men at det er om lag 2,5 gonger så mange som blir skadde i arbeidsulykker som i trafikken. (Kjelde: Ulykker i Norge)

Helse, miljø og sikkerheit (HMS)

I arbeidsmiljølovgivinga vår står det at alle har rett til ein arbeidsplass som ikkje skader arbeidstakaren fysisk eller psykisk, og eit aktivt HMS-arbeid skal medverke til trygge arbeidstilhøve.

Heimeulykker, fritid, idrett og andre aktivitetar som ikkje var arbeid, førte til nærmare 300 000 legebehandla skadar i snitt per år for perioden 2000–2008. Innanfor transport og logistikk blir det brukt mange farlege reiskapar som ein må ha kunnskapar og ferdigheiter for å betene – det kan vere alt frå bilar til gaffeltruckar, jekktraller og kranar.

Du ser at det er svært sannsynleg at du på eit eller anna tidspunkt vil få bruk for kunnskapar og ferdigheiter i førstehjelp. Men hugs òg at det er enklare og billegare for samfunnet at uhell ikkje skjer, og derfor blir førebygging viktig.

No skal du få betre kjennskap til korleis du kan bidra til å redusere dei menneskelege lidingane og dei materielle skadane som følgje av ei ulykke. Vi skal ta føre oss desse emna:

Fareskilt, førstehjelpssett og brannslukkingsapparat.foto.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs