Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Ein rundtur i vegtrafikklovaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ein rundtur i vegtrafikklova

Vegtrafikklova er eit viktig lovverk som skal gi oss kunnskapar til å kunne opptre trygt og sikkert i trafikken. Oppgåva passar godt til gruppearbeid.

Sjekk også Vegtrafikklova for meir informasjon.

  1. VTL § 3 er den paragrafen i VTL som flest blir dømde etter.
    Korleis meiner du innhaldet i denne paragrafen bør tolkast?
  2. VTL § 4 gir heimel for å utarbeide trafikkreglar.
    Gå inn i trafikkreglane og finn det som står om VIKEPLIKT.
    Korleis vil du forklare ordet vikeplikt?
  3. Det finst andre § (paragrafar) i trafikkreglane som nemner ordet vikeplikt.
    Finn fram til nokre andre paragrafar enn «vikepliktsparagrafen» som gjeld vikeplikt, og forklar dei.
  4. VTL § 5 gir heimel for å utarbeide skiltreglar.
    Nemn nokre av skilta du meiner har spesielt stor betydning for førarar av store køyretøy.
  5. VTL § 6 gir heimel for å utarbeidelse av fartsreglar.
    Korleis tolkar du forskjellen på det som står i VTL, og det som står i trafikkreglane når det gjeld fartsreglar?
  6. VTL § 10 gir heimel for trafikkontroll.
    Gå inn i forskrift om bruk av køyretøy og gjer greie for dei pliktene vi har ved trafikkontroll.
  7. VTL § 11 gir heimel for unntak for utrykkingskøyretøy.
    I trafikkreglane står det noko om desse unntaka.
    Kva ulike paragrafar kan dei nemnde køyretøya fråvikes?
  8. VTL § 12 gjeld plikter ved trafikkuhell.
    Set opp punktvis dei pliktene vi har etter denne paragrafen.
  9. VTL § 13 gir heimel for å utarbeidelse av køyretøyforskrifta og forskrift om bruk av køyretøy.
    Skriv eit samandrag av denne paragrafen.
  10. I forskrift om bruk av køyretøy står det noko om plassering og sikring av gods.
    Skriv ned hovudpunkta om plassering og sikring.
  11. I same paragrafen står det om utstikkande gods og merking.
    Skriv ned korleis utstikkande last skal merkjast, og kor mykje lasta kan stikke ut før vi må ha dispensasjon.
  12. Kva handlar VTL § 13 a om?
  13. VTL § 22 handlar om alkoholpåverknad og motorvognførarar.
    Skriv ned dei reglane som gjeld, og gå til § 31 og skriv ned straffa for å kjøring køyre i påverka tilstand.
  14. VTL § 23 fortel om kven som har ansvaret for standen til køyretøyet.
    Kven har ansvaret for at køyretøyet er i stand, og kvar finn vi krava til vedlikehald og utrusting av køyretøyets vedlikehold og utrustning?
  15. Korleis tolkar du det som er skrive i § 23 a og b ?
  16. VTL § 24 gir reglar for blant anna.a. førarkort.
    Gå inn i førarkortforskrifta og skriv ned kva køyretøy a vi kan køyre med dei ulike førarkorta.
  17. VTL § 25 gjeld sperrefrist.
    Kva er meint med sperrefrist?
  18. VTL § 26 om øvingskøyring.
    Kva seier forskrifta om øvingskøyring i dei ulike klassane?
  19. VTL § 31 b.
    Kva er eit forenkla førelegg?
  20. VTL § 33 og § 34
    I kva tilfelle kan vi miste førarretten?
  21. VTL § 36
    I kva tilfelle kan styresmaktene forby bruk av køyretøy?
  22. VTL § 36a gjeld gebyr for overlast.
    Gå inn i forskrift om gebyr for overlasting og gi ei kort framstilling av det som står der.
  23. Kvar i lover lova finn vi dei ulike arbeidstidsreglane som gjeld for sjåførar?
  24. Kva er det som bestemmer når det enkelte køyretøyet skal til periodisk kontroll, og kven har ansvaret for at bilen kjem til kontroll innan tidsfristen?
  25. Kven kan utføre ein periodisk køyretøykontroll?

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter