Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

ADR-test 1

ADR-regelverket inneheld reglar for ulike vareslag for alle forhold som har med transporten å gjere. Innhaldet er systematisk ordna, så med øving kan du relativt raskt finne fram til det du treng å vite. Dette skal du øve på her.

Bruk fagtekstane og ADR-boka for å finne svara. Oppgåva kan til dømes brukast som ein individuell test eller som ein konkurranse i å finne fortast fram til svaret.

Du skal transportere 20 tonn med maursyre UN 1779;

  • Kva er klassifiseringa på UN 1779?
  • Kva er faren med stoffet, og kor farleg er det?
  • Kva er det som viser faregraden på stoffet?
  • Kan maursyre transporterast i tank?
  • Korleis skal kannene med maursyre vere merkte?
  • Kva for faresetel skal kannene ha?
  • Kva for dokument skal følgje denne transporten?
  • Kva for plikter har sjåføren når det gjeld lasting og lossing av syra?
  • Kven har plikt til å skrive ut dokument?
  • Undervegs får du kontroll på lasta di. Kven kan gjere ein slik kontroll?
  • Vogntoget har ein dieseltank på 800 liter. I tillegg har du med 4 kanner à 20 liter i berbare behaldarar. Er dette lovleg?
  • Kan du transportere maursyre som unntatt mengde? Kva er eventuelt vilkåra for dette når det gjeld UN 1779 maursyre?
  • Treng du å merkje kollia dersom du transporterer etter unntatt mengde?
  • Er det nødvendig å føre tilsyn med denne lasta (20 tonn maursyre)?
  • Kan du ha med passasjer når du køyrer denne lasta?
  • Korleis skal bilen vere merkt?
  • Må du ha ein stoppekloss per kjøretøy som ein del av utstyret i bilen?
  • Du får spørsmål under transporten om du kan ta med 1000 kg UN 0443. Kan stoffa samlastast?
  • Er bruk av drivstoffbasert tilleggsvarmar forbode under lasting og lossing?

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter