Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. ADR – FørstegongsprøveChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

ADR – Førstegongsprøve

1

Du transporterer farleg gods over «mengder i henhold til 1.1.3.6». Kva reglar for lasting, lossing og handtering er riktige?

a) Ved lekkasje av UN-1831 SVOVELSYRE, RYKANDE
må køyretøyet reingjerast grundig før det kan brukast igjen.

b) UN-1935 CYANIDLØYSING, N.O.S. i emballasjegruppe I skal haldast åtskild frå matvarer og dyrefôr.

c) ADR-regelverket inneheld ikkje reglar for lasting, lossing og handtering.

d) Du kan røykje ved lasting og lossing.i

2

Når skal det lagast sikringsplan ved transport av UN-1392 JORDALKALIMETALLAMALGAM, FLYTANDE transportert i kolli?

a) ved transport av større nettomasse enn 20 kg

b) ved transport av større nettomasse enn 333 kg

c) ved transport av større nettomasse enn 1000 kg

d) Reglane i 1.10.3 gjeld ikkje uansett mengde.

3

Du køyrer farleg gods over «mengder i henhold til 1.1.3.6» på eit kjøretøy med tillaten totalvekt lik 26 tonn. Kva er minstevekta på brannsløkkingsapparata?

a) 8 kg

b) 4 kg

c) 12 kg

d) 14 kg

4

Kva er riktig om varsling og rapportering av uhell
når det gjeld farleg gods?

a) Dersom det har oppstått eller er fare for lekkasje eller brann,
skal føraren straks varsle brannvesenet.

b) Verksemder skal innan åtte dagar rapportere om uhell til
DSB på fastsett skjema.

c) Berre alvorlege uhell med personskade skal varslast.

d) Verksemda treng ikkje rapportere om uhell
når det ikkje har skjedd lekkasje.

5

Kva dokument skal følgje med transporteininga
ved transport av farleg gods over «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) godkjenningsattest for køyretøyet dersom det blir kravd i ADR

b) skriftlege instruksjonar (transportuhellskort)

c) eit eiget «farleg gods»-dokument

d) transportdokument

6

Kva opplysningar skal eit transportdokument minst innehalde?

a) bokstavane UN etterfølgt av UN-nummeret

b) varenamn

c) faresetelnummer

d) kva typar køyretøy som kan brukast

7

Kva er riktig om dokument når du transporterer etter reglane om «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) Det er ikkje krav om transportdokument ved transport av «mengder i henhold til 1.1.3.6».

b) Den samla mengda farleg gods i kvar transportkategori skal førast opp i transportdokumentet når 1.1.3.6.3 blir brukt medvite.

c) Du er friteken for kravet om transportuhellskort.

d) Mannskapet på køyretøyet skal ha med seg dokument med bilete for identifikasjon.

8

Du transporterer UN-1714 SINKFOSFID. Kva er riktig?

a) Ein eventuell brann i lasten må sløkkjast med vatn.

b) Dette er eit fast stoff.

c) Stoffet høyrer til emballasjegruppe I.

d) Stoffet kan lastast saman med kolli merkte med
faresetlane nr. 4.1 + nr. 1.

9

Kva er riktig om vara i oppgåve 8?

a) Vara kan transporterast som «begrenset mengde».

b) Vara kan transporterast som «unntatt mengde».

c) Du kan transportere 20 kg nettomasse av denne vara
som «mengde i henhold til 1.1.3.6».

d) Det er forbode å køyre i tunnelar av kategori E.

10

Kva reglar for lasting, lossing og handtering
er korrekte for stoffet i oppgåvene 8 og 9
?

a) Ved handtering må det setjast i verk tiltak slik at stoffet
ikkje kjem i kontakt med vatn.

b) Stoffet må haldast åtskilt frå matvarer og dyrefôr.

c) Stoffet kan ikkje lastast saman med matvarer og dyrefôr.

d) Stoffet må haldast unna sollys.

11

Korleis skal eit køyretøy som transporterer kolli med
UN-1407 CESIUM, vere merkt?

a) med farenummer X423

b) med UN-1407

c) med faresetel nr. 4.3

d) med oransje skilt framme og bak

12

Kva er riktig om vara i oppgåve 11?

a) Du må ha tilsyn ved transport av meir enn 5000 kg.

b) Det må følgje med pustevern (rømmingshette eller maske) til kvart av mannskapa på køyretøyet.

c) Kolli skal lastast på eit lukka køyretøy eller køyretøy dekt av presenning.

d) Du kan transportere 35 kg som «mengde i henhold til 1.1.3.6».

13

Kva slags utstyr skal køyretøyet som transporterer vara
i oppgåve 11, minst ha med seg ved transport over
«mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) ein stoppekloss, augevern og vernehanskar
til kvart av mannskapa på køyretøyet

b) to frittståande varselsignal

c) eitt brannsløkkingsapparat

d) ei lommelykt til kvar medlem av mannskapa på køyretøyet

14

Kva er korrekt om vara i oppgåve 11?

a) Ho kan transporterast «begrenset mengde».

b) Du kan transportere 20 kg nettomasse som «mengde i henhold til 1.1.3.6».

c) Dersom du berre transporterer 15 kg nettomasse av stoffet,
er du friteken for kravet om transportuhellskort.

d) Dersom du transporterer 10 kg nettomasse av stoffet, kan du
i tillegg ta med deg 166,66 l UN-1203 BENSIN etter reglane om «mengder i henhold til 1.1.3.6».

15

Kva er riktig om ansvaret og pliktene til transportøren ved
ADR-transport?

a) Han skal forvisse seg om at utstyr som blir kravt til den aktuelle transporten, er til stades i køyretøyet.

b) Han skal kontrollere at køyretøyet ikkje er overlasta.

c) Han skal fylle ut transportdokumentet på riktig måte.

d) Han skal merkje kollia korrekt.

16

Kva er riktig?

a) Det er tillate å røykje ved lasting og lossing av farleg gods, men ikkje under køyring.

b) Det er tillate å ta med passasjer som ikkje høyrer til mannskapet på køyretøyet, dersom du transporterer etter reglane om «mengder i henhold til 1.1.3.6».

c) Mannskapet på køyretøyet må kunne bruke brannsløkkingsmateriellet.

d) Tomgangskøyring er alltid tillate med farleg gods, slik at du raskt kan evakuere staden ved eit eventuelt uhell.

17

Når er det krav om ADR-kompetansebevis for føraren av køyretøy med farleg gods?

a) alltid

b) ved transport av «begrensede mengder»

c) ved transport av «mengder i henhold til 1.1.3.6»

d) ved transport over «mengder i henhold til 1.1.3.6»

18

Kva er det første tiltaket som skal setjast i verk
ved uhell under transport av farleg gods?

a) setje på bremsene, stoppe motoren og sikre skadestaden

b) varsle brannvesenet på telefon 110

c) varsle eigaren av køyretøyet

d) varsle politiet

19

Kva er riktig om transport av «unntatte mengder»?

a) Dette finn du i kolonne (7b) i tabell 3.2A og i kapittel 3.5.

b) Kollia skal merkjast på ein spesiell måte (E-merking).

c) Det er ikkje krav til transportdokument, transportuhellskort eller ADR-kompetansebevis.

d) Du er friteken for opplæringskrava i kapittel 1.3.

20

Kva er korrekt om samlasting på køyretøy?

a) «Begrensede mengder» med pakka farleg gods kan samlastast med alle klassar i ADR.

b) Faresetel nr. 6.2 kan samlastast med stoff og gjenstandar av 1.4S.

c) Kolli med UN-2990 med faresetel nr. 9 kan samlastast med kolli med faresetel nr. 1.

d) Faresetel nr. 8 og faresetel nr. 1.6 kan samlastast.

21

Kva for kapittel (del/delar) er du friteken for dersom
du transporterer etter reglane om
«mengder
i henhold til 1.1.3.6»?

a) kapittel 5.3 om merking av kjøretøy

b) 5.4.3 (transportuhellskort)

c) 8.1.2.1 pkt. a (transportdokument)

d) 8.3.1 (forbod mot å ta med passasjerar)

22

Kva er riktig om opphald under transport av farleg gods?

a) Farleg gods skal transporterast og lossast utan unødig opphald.

b) Er opphaldet påkravd, skal det skje på ein eigna stad med tanke på risikoen som det farlege godset utgjer for omgivnadene.

c) Transportdokument skal visast fram for brannvesenet etter oppmoding.

d) DSB skal varslast omgåande ved opphald.

23

Kva dokument som handlar om farleg gods, må du kunne vise fram ved ein eventuell kontroll under transport av farleg gods over «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) transportdokument

b) dokument der det er mogleg å identifisere mannskapet på køyretøyet

c) lasteliste

d) gyldig ADR-kompetansebevis

24

Du transporterer 40 kolli à 50 kg med UN-1120 BUTANOLAR av emballasjegruppe II. Kva er riktig når det gjeld merking av køyretøyet?

a) Køyretøyet skal ha faresetel nr. 3 på begge sider og bak.

b) Køyretøyet skal ha oransje skilt med farenummer 33 og UN-1120.

c) Køyretøyet skal ha oransje skilt framme og bak.

d) Køyretøyet treng ikkje å merkjast.

25

Kva er korrekt ved transport av farleg gods over
«mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) Alle køyretøy med farleg gods skal ha godkjenningsattest.

b) Det er alltid krav om pustevern.

c) Ved eventuell ferjetransport skal ferjemannskapa ha ein kopi av transportdokumentet (også ved transport i tråd med 1.1.3.6).

d) Du skal ha med deg to frittståande varselsignal.

Fasit

1 a, b. Sjå tabell 3.2A i del 3 og CV13 og CV28 i 7.5.4 i del 7.

2 d. Sjå 1.10.5 i del 1 og tabell 3.2A i del 3.

3 c. Sjå 8.1.4 i del 8.

4 a, b. Sjå forskrift av 1. april 2009, § 6.

5 a, b, d. Sjå 8.1.2 i del 8 og 9.1.2.1.2 i del 9.

6 a, b, c. Sjå 5.4.1.1.1 i del 5.

7 b, c. Sjå 5.4.1.1.1, pkt. a, b, c og f ANM. 1 i del 5 og 1.1.3.6.2 i del 1.

8 b, c. Sjå tabell 3.2A i del 3, 2.2.43.1.2 i del 2 og 7.5.2.1 i del 7.

9 c, d. Sjå tabell 3.2A i del 3, 1.1.3.6.3 i del 1, tabell 3.2A

kolonnane (7a), (7b) og (15) i del 3 og 8.6.4 i del 8.

10 a, b. Sjå tabell 3.2A kolonne (18), CV23 og CV28 i del 3, 7.5.4 og 7.5.11 i del 7.

11 d. Sjå 5.3.2.1 i del 5.

12 c. Sjå tabell 3.2A kolonnane (15), (16) og (19) i del 3 og 7.2.4 i del 7.

13 a, b, d. Sjå 8.1.5 i del 8.

14 b, c, d. Sjå tabell 3.2A kolonnane (7) og (15) i del 3, 1.1.3.6.2 og 1.1.3.6.3 i del 1.

15 a, b. Sjå 1.4.2.2.1 i del 1.

16 b, c. Sjå 8.3.1, 8.3.2, 8.3.5 og 8.3.6 i del 8 og 1.1.3.6.2 i del 1.

17 d. Sjå 8.2.1.1 i del 8 og 1.1.3.6.2 i del 1.

18 a. Sjå 5.4.3.4 i del 5.

19 a, b, c. Sjå tabell 3.2A kolonne (7b) og kapittel 3.5 i del 3.

20 a, b, c. Sjå 7.5.2.1 i del 7.

21 a, b, d. Sjå 1.1.3.6.2 i del 1.

22 a, b, c. Sjå forskrift av 1. april 2009, § 7.

23 a, b, d. Sjå 8.1.2.1 og 8.1.2.2 i del 8.

24 c. Sjå 5.3.2.1 i del 5.

25 c, d. Sjå kapittel 9.1 i del 9, 8.1.5 i del 8 og 1.1.3.6.2 i del 1.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter