Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. «Klasse 2-gassar»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

«Klasse 2-gassar»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

G1

UN-1045 FLUOR, KOMPRIMERT er ein gass som har klassifiseringskode 1TOC. Kva vil det seie?

a) Gassen er komprimert.

b) Gassen er kvelande.

c) Gassen er giftig, oksiderande og etsande.

d) Gassen er brennbar.

G2

Kva er riktig om UN-1967 INSEKTDREPANDE GASS,
GIFTIG, N.O.S?

a) Han har klassifiseringskode 2T.

b) Han tilhøyrer ein samleposisjon.

c) Det er ein flytande gass.

d) Det er ein komprimert gass.

G3

Korleis skal eit stykkgodskøyretøy som transporterer
UN-1070 DINITROGENOKSID, vere merkt?

a) berre med oransje skilt framme

b) berre med oransje skilt bak

c) med oransje skilt framme og bak

d) med faresetlane nr. 2.2 og nr. 5.1 på begge sider og bak

G4

Kva er riktig om UN-2601?

a) Gassen er flytande.

b) Gassen er brennbar.

c) Vara kan transporterast i eit FL-køyretøy med tankkode PxBN.

d) Vara kan ikkje transporterast i MEGC-ar.

G5

Kva er riktig om UN-1001 ACETYLEN?

a) Vara kan ikkje transporterast som «unntatt mengde».

b) Det er ein giftig og brennbar gass.

c) I samband med «mengder i henhold til 1.1.3.6»
reknar vi nettomassen av denne vara i kilogram.

d) Vara kan transporterast som «begrenset mengde».

G6

Kva er riktig om UN-1003 LUFT, NEDKJØLT, FLYTANDE?

a) Kolli med UN-1003 LUFT, NEDKJØLT, FLYTANDE skal blant anna merkjast med faresetlane nr. 2.2, nr. 5.1 og nr. 13.

b) UN-1003 LUFT, NEDKJØLT, FLYTANDE kan på visse vilkår emballerast saman med anna farleg gods.

c) UN-1003 LUFT, NEDKJØLT, FLYTANDE kan på visse vilkår transporterast i multimodale tankar.

d) Dersom UN-1003 LUFT, NEDKJØLT, FLYTANDE blir transportert i multimodale tankar, skal smørjemiddel for samankoplingar og andre innretningar kunne kombinerast med oksygen.

G7

UN-1005 AMMONIAKK, VASSFRI kan transporterast
i ­tankkøyretøy. På kva vilkår?

a) Vara kan berre transporterast i tankkonteinar.

b) Tanken må ha eit minste prøvetrykk på 2,6 MPa
(gjeld tankar med termisk isolasjon).

c) Tanken må ha opning i botnen for fylling eller tømming,
med tre lukkeinnretningar.

d) Ein eventuell tank må vere hermetisk lukka.

Fasit

G1 a, c. Sjå 2.2.2.1.2 og 2.2.2.1.3 i del 2 og tabell 3.2A kolonnane (3a) og (3b) i del 3

G2 a, b, c. Sjå 2.2.2.1.2 og 2.2.2.3 i del 2 og tabell 3.2A i del 3.

G3 c. Sjå 5.3.2 i del 5.

G4 a, b, c. Sjå tabell 3.2A kolonnane (3a), (3b), (10) (12)

og (14) i del 3.

G5 a, c. Sjå 1.1.3.6.3 i del 1, 2.2.2.1.2 og 2.2.2.1.3 i del 2 og tabell 3.2A

kolonnane (7a), (7b) og (15) i del 3.

G6 b, c, d. Sjå tabell 3.2A i del 3, MP9 i 4.1.10, T75 og TP22 i

4.2.5.2 og 4.2.5.3 i del 4.

G7 b, c, d. Sjå tabell 3.2A kolonne (12) i del 3 og 4.3.3.1.1 og 4.3.3.2.5 i del 4.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter