Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. «Avsendar»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

«Avsendar»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

A1

Kva er riktig når det gjeld utfylling av transportdokument?

a) Det kan vere krav om ein eventuell erklæring i samsvar med
ein særavtale.

b) Det er ikkje krav om transportdokument etter ADR-reglane ved transport av «begrensede mengder».

c) Dersom farleg gods blir transportert i ein redningsemballasje, skal ordet «REDNINGSEMBALLASJE» påførast transportdokumentet.

d) Det er ikkje krav om transportdokument etter ADR-reglane ved transport av «mengder i henhold til 1.1.3.6».

A2

Kva er riktig om transportdokument ved transport av
«mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) Det er ikkje krav om transportdokument.

b) Den samla mengda farleg gods i kvar transportkategori skal førast opp i samsvar med reglane i 1.1.3.6.3.

c) For nasjonale transportar er det tilstrekkeleg å bruke norsk språk i alle dokument.

d) Transportdokumentet skal berre fyllast ut på vanleg måte.

A3

Korleis klassifiserer du eit brannfarleg fast stoff som svarer til kriteria for klasse 4.1, emballasjegruppe III, og ­kriteria for klasse 8, emballasjegruppe I?

a) Stoffet skal klassifiserast som klasse 8, emballasjegruppe I.

b) Stoffet skal klassifiserast som klasse 4.1, emballasjegruppe III.

c) Stoffet skal klassifiserast som klasse 6.1, emballasjegruppe II.

d) Stoffet skal klassifiserast som klasse 6.1, emballasjegruppe III.

A4

For kva klasser gjeld tilleggsreglar ved utfylling av transportdokument?

a) klassane 1 og 7

b) klassane 4.1, 5.2 og 6.2

c) klassane 3.1 og 4.3

d) klasse 2

A5

Kva er riktig om dokument?

a) I samband med farleg gods i ein storkonteinar, før eller etter ein sjøtransport, skal det skrivast ut eit «konteinarstuvingssertifikat› i samsvar med IMDG-koden.

b) Det er ikkje avsendaren, men transportøren som er ansvarleg for at innhaldet i dei skriftlege instruksjonane blir leverte til sjåføren/sjåførane.

c) Det er krav om godkjenningsattest for køyretøy som transporterer fire tankkonteinarar à 2000 liter.

d) Det er krav om ADR-kompetansebevis for førar som køyrer stykkgods i klasse 3 som «mengde i henhold til 1.1.3.6».

A6

Kva pliktar avsendaren å gi transportøren før eit transportoppdrag?

a) opplysningar og data om varene

b) transportdokument med følgjedokument

c) skriftlege instruksjonar (transportuhellskort)

d) køyrerute med eventuelle tunnelrestriksjonar

A7

Du skal sende UN-3111 ORGANISK PEROKSID TYPE B, FLYTENDE, UNDER TEMPERATURKONTROLL. Kva er riktig?

a) Vara høyrer til klasse 5.1.

b) Vara høyrer inn under emballasjegruppe III.

c) Vara har klassifiseringskode P520.

d) Vara skal som hovudregel ha faresetlane nr. 5.2 + nr. 1.

Fasit

A1 a, b, c. Sjå 5.4.1.1.1 pkt. i og 5.4.1.1.5 i del 5.

A2 b, c. Sjå 5.4.1.1.1 pkt. f i del 5 og forskrift av

1. april 2009, § 9.

A3 a. Sjå 2.1.3.10 i del 2.

A4 a, b, d. Sjå 5.4.1.2.1, 5.4.1.2.2, 5.4.1.2.3, 5.4.1.2.4 og 5.4.1.2.5 i del 5.

A5 a, b. Sjå 5.4.2 og 5.4.3.2 i del 5, 8.2.1.1 i del 8 og 9.1.1.2 i del 9.

A6 a, b. Sjå 1.4.2.1 i del 1.

A7 d. Sjå tabell 3.2A kolonnane (3a), (3b), (4) og (5) i del 3.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter