Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. «Sikkerheitsrådgivar»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

«Sikkerheitsrådgivar»

ADR, forskrift om transport av farleg gods, forskrifter.

S1

Kva verksemder skal ha ein sikkerheitsrådgivar?

a) verksemder med aktivitetar som omfattar transport av farleg gods

b) verksemder med aktivitetar som omfattar emballering, lasting, fylling eller lossing av farleg gods

c) verksemder som berre transporterer farleg gods i tråd med 1.1.3.6

d) verksemder med hovudaktivitetar eller sekundære aktivitetar som ikkje gjeld transport av farleg gods

S2

Kva er oppgåvene til sikkerheitsrådgivaren blant anna?

a) å kontrollere at reglane om transport av farleg gods blir følgde

b) berre å oppdatere sjåførane om nye reglar i ADR

c) å utarbeide årsrapport om aktiviteten til verksemda når det gjeld transport av farleg gods

d) å gi verksemda råd om transport av farleg gods

S3

Kva står emballasjemerkinga 6PH2 for?

a) ein behaldar med ytteremballasje av massiv plast

b) ein behaldar med ytteremballasje av ekspandert plast

c) ein behaldar med ei ytre pappkasse

d) ein komposittemballasje

S4

Kva er ein storkonteinar?

a) ein konteinar med innvendig volum over 3 m3

b) ein konteinar med innvendig volum lik 3 m3

c) ein tank som ikkje er fast tank

d) ei emballasjeeining som vanlegvis berre kan handterast i tom tilstand

S5

Du er sikkerheitsrådgivar i ei stor bedrift.
Kva er riktig med tanke på opplæring?

a) Personalet skal kjenne dei alminnelege krava i reglane for transport av farleg gods.

b) Det er berre krav til opplæring for dei som skal transportere farleg gods over «mengder i henhold til 1.1.3.6».

c) Opplæringa skal vere tilpassa ansvaret og arbeidsoppgåvene til den enkelte.

d) Opplæringa skal supplerast med periodiske oppfriskingskurs for at personalet skal lære om endringar i regelverket.

S6

Kva for krav blir stilt(e) til ein transportør av farleg gods?

a) Han skal forvisse seg om at det er tillate å transportere det farlege godset etter ADR/RID.

b) Han skal forvisse seg om at den fastsette dokumentasjonen finst i transporteininga.

c) Han skal oppfylle krava som gjeld for sendingsmåte og transportrestriksjonar.

d) Han skal sørgje for at godset er riktig klassifisert.

S7

Kva for opplysningar skal fraktbrevet minst innehalde?

a) bokstavane IMDG eller ICAO

b) tal på og skildring av kolli

c) emballasjegruppa til stoffet eller gjenstand dersom ho er oppretta

d) faresetelnummer

S8

Kva er riktig om handtering og stuving?

a) Verken føraren eller andre av mannskapet får opne kolli som inneheld farleg gods.

b) Farleg gods i klasse 6.2 skal berre stuvast nær varmekjelder.

c) Berre avsendaren har lov til å handtere og stuve farleg gods.

d) Kolli med farleg gods skal vere forsvarleg stuva og sikra.

S9

Kva er riktig om ADR-kompetansebevis?

a) ADR-kompetansebevis må fornyast kvart tredje år.

b) Du må alltid ha ADR-kompetansebevis når du transporterer meir farleg gods enn mengdene ifølgje 1.1.3.6.

c) Du må ha ADR-kompetansebevis for tank dersom du transporterer ein laustank på 1000 liter.

d) Du må ha ADR-kompetansebevis klasse 1 dersom du transporterer eksplosiv i eit EX/II-køyretøy over dei mengdene som er nemnde i 1.1.3.6.

Fasit

S1 a, b. Sjå 1.8.3.1 og 1.8.3.2 i del 1.

S2 a, c, d. Sjå 1.8.3.3 i del 1.

S3 a, d. Sjå 6.1.2.7 i del 6.

S4 a. Sjå 1.2.1 S og C i del 1.

S5 a, c, d. Sjå 1.3.2.1, 1.3.2.2 og 1.3.2.4 i del 1.

S6 a, b. Sjå 1.4.2.2.1 pkt. a og b i del 1.

S7 b, c, d. Sjå 5.4.1.1.1 i del 5.

S8 a, d. Sjå 7.5.7.1 og 7.5.7.5 i del 7.

S9 b, d. Sjå kapittel 8.2 i del 8.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter