1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. «Mengder i henhold til 1.1.3.6»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

«Mengder i henhold til 1.1.3.6»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

1

Kva er riktig når det gjeld «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) Transport av «mengder i henhold til 1.1.3.6» kjem ikkje inn under reglane i ADR.

b) Dette er ein ADR-transport på noko mildare vilkår enn vanlege ADR-transportar.

c) Dette finn vi i kapittel 1.1.3.6 i ADR-regelverket.

d) Vi finn tilvising til «mengder i henhold til 1.1.3.6» for kvar enkelt vare i kolonne (15) «Transportkategori» i tabell 3.2A i del 3.

2

Kva for punkt (regel/reglar) under er du friteken for når du transporterer «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) V5 og V8 i 7.2.4

b) 8.3.4

c) S2(1)

d) del 9

3

Kva er riktig når det gjeld transport av «mengder i ­henhold til 1.1.3.6»?

a) Mengda av poeng (kilogram (kg) eller liter (l) multiplisert med omrekningsfaktoren) i transportkategoriane 1–3 skal ikkje overstige 1000.

b) Føraren må ha ADR-kompetansebevis.

c) Når avsendaren medvite bruker 1.1.3.6, skal den samla mengda farleg gods i kvar transportkategori førast opp i transportdokumentet i samsvar med reglane i 1.1.3.6.3.

d) For ni ulike UN-nummer som hamner i transportkategori 1, kan vi transportere 50 kg i staden for 20 kg. Nummera står oppførte i fotnote a rett etter tabellen i 1.1.3.6.3. Då blir omrekningsfaktoren 20 og ikkje 50.

4

Kor mykje UN-2676 ANTIMONHYDRID kan du transportere som «mengde i henhold til 1.1.3.6»?

a) 20 kg

b) 20 l

c) 333 kg

d) 1000 l

5

Kor mykje UN-1223 PARAFIN kan du ta med etter reglane om «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) ingenting

b) 20 l

c) 333 l

d) 1000 l

6

Kva for punkt under er du friteken for ved transport av «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) samlastingsforbodet i 7.5.2

b) tilsynet med køyretøy i kapittel 8.4

c) kravet om transportdokument i 5.4.1

d) kravet om transportuhellskort i 5.4.3

7

Gjeld reglane i 1.1.3.6 både for stykkgods, bulk og tanktransport?

a) Dei gjeld berre for stykkgods og bulk.

b) Ja.

c) Dei gjeld berre for stykkgods og tank.

d) Dei gjeld for farleg gods transportert i kolli.

«Nøtter»

8

Du transporterer 200 l UN-1203 BENSIN og 200 l
UN-1202 DIESEL på eit tankkøyretøy. Kva er riktig?

a) Dette er «mengder i henhold til 1.1.3.6».

b) Då har du brukt 800 poeng og har 200 poeng igjen til andre varer.

c) Dette er ikkje ein ADR-transport.

d) Dette er ein vanleg ADR-tanktransport.

9

Kva er riktig om transport av «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) Drivstoff i tankane på køyretøyet skal ikkje reknast med i poengberekninga.

b) Drivstoff i tankane på køyretøy eller båtar som blir transporterte, skal ikkje reknast med i poengberekninga.

c) Gassar i gruppene A og O skal ikkje reknast med i poengberekninga, med føresetnad om at trykket av gassen i behaldaren ved ein temperatur på 20 °C ikkje kjem over 2 bar, og at all gassen er i gasstilstand under transporten.

d) Du treng ADR-kompetansebevis for å transportere etter desse reglane.

10

Du har 5 kg UN-1017 KLOR på køyretøyet.
Kor mange liter UN-2873 DIBUTYLAMINOETANOL
kan du ta med i tillegg dersom du ønskjer å køyre etter
reglane om «mengder i henhold til 1.1.3.6»?

a) 250 l

b) 15 l

c) 300 l

d) 900 l

Fasit

1 b, c, d. Sjå 1.1.3.6 i del 1 og tabell 3.2A i del 3.

2 d. Sjå 1.1.3.6.2 i del 1.

3 a, c, d. Sjå 1.1.3.6.2, 1.1.3.6.3 og 1.1.3.6.4 i del 1 og 5.4.1.1.1 pkt. f ANM. 1 i del 5.

4 a. Sjå tabell 3.2A i del 3 og 1.1.3.6.3 i del 1.

NB: Flytande gassar blir rekna i kilogram (kg)!

5 d. Sjå 1.1.3.6.3 i del 1 og tabell 3.2A i del 3.

6 d. Sjå 1.1.3.6.2 i del 1.

7 d. Sjå 1.1.3.6.2 i del 1.

8 d. Sjå tabell 3.2A i del 3 og 1.1.3.6.2 i del 1.

9 a, b, c. Sjå 1.1.3.2 pkt. c, 1.1.3.3 pkt. a og 1.1.3.6.5 i del 1.

10 c. Sjå tabell 3.2A i del 3 og 1.1.3.6.3 i del 1.

NB: Gløym ikkje fotnoten til tabellen!

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter