Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

«Begrensede mengder» og «unntatte mengder»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

«Begrensede mengder»

BM1

Kva er riktig om «begrensede mengder»?

a) Det kan vere unntak for nokre typar farleg gods dersom dei er pakka i tråd med kapittel 3.4 i ADR.

b) Om det er unntak for ei vare, og i tilfelle korleis denne vara skal vere pakka for å få unntak, finn vi i utgangspunktet i kolonne (7a) i tabell 3.2A i del 3.

c) «Begrensede mengder» vil seie at du maksimalt kan ha med
1000 poeng på transporteininga.

d) Alle typar farleg gods kan pakkast som «begrenset mengde».

BM2

Kva tyder LQ0?

a) at vara ikkje kan pakkast som «begrenset mengde»

b) at ingen reglar i ADR gjeld

c) at det berre er unntak for flytande stoff

d) at det berre er unntak for faste stoff

BM3

Kva er riktig ved transport av «begrensede mengder»?

a) Køyretøy med totalvekt over 12 tonn skal merkjast.

b) Det er berre krav om eitt brannsløkkingsapparat.

c) Det er inga grense for kor mykje du kan transportere så lenge det er pakka som «begrenset mengde» og den tillatne totalvekta til køyretøyet ikkje er overskriden.

d) Du skal ha med transportdokument.

«Unntatte mengder»

UM1

Kva tyder koden E0 for «unntatte mengder»?

a) Vara er ikkje tillaten som «unntatt mengde».

b) Det er tillate å transportere vara som «unntatt mengde».

c) Maksimal nettovekt per inneremballasje er 30 g eller 30 ml.

d) Maksimal nettovekt per ytteremballasje er 1000 g eller 1000 ml.

UM2

Kor mange kolli «unntatte mengder» kan eit køyretøy eller ein konteinar maksimalt ta med?

a) ingen krav

b) 100 kolli

c) 20 kolli

d) 1000 kolli

UM3

Dersom det følgjer med eitt eller fleire dokument
ved transport av farleg gods i «unntatte mengder»,
kva skal dei eventuelt innehalde?

a) Det er ikkje eit direkte krav til transportdokument for «unntatte mengder».

b) Eit eventuelt transportdokument skal innehalde orda «FARLIG GODS I UNNTATTE MENGDER».

c) Dei skal innehalde orda «Farleg gods i tråd med 3.5».

d) Dei skal innehalde orda «Unntatt mengde».

Fasit

BM1 a, b. Sjå 1.1.3.4.2 i del 1 og tabell 3.2A i del 3.

BM2 a. Sjå 3.4.1 i del 3.

BM3 a, c. Sjå 3.4.13 pkt. a i del 3.

UM1 a. Sjå 3.5.1.2 i del 3.

UM2 d. Sjå 3.5.5 i del 3.

UM3 a, b. Sjå 3.5.1.1 og 3.5.6 i del 3.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter