Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Del 8: «Bestemmelser om kjøretøyenes mannskaper og utstyr samt drift og dokumentasjon»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Del 8: «Bestemmelser om kjøretøyenes mannskaper og utstyr samt drift og dokumentasjon»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

8.1

Kva for dokument skal følgje transporteininga ved transport av farleg gods?

a) transportdokument

b) skriftlege instruksjonar (transportuhellskort)

c) instruksjonsbok

d) dokument der det er mogleg å identifisere mannskapet på køyretøyet

8.2

Ved somme transportar med farleg gods kan det vere krav om ytterlegare dokument som har med transporten å gjere (sjå oppgåve 8.1). Kva dokument kan det her vere snakk om?

a) godkjenningsattest for køyretøyet

b) «farleg gods»-attest

c) kopi av godkjenninga frå ansvarleg organ når det blir kravd i ADR

d) ADR-kompetansebevis for førar

8.3

Kva hovudreglar gjeld om brannsløkkingsmateriell for transporteiningar med tillaten totalvekt over 3,5 tonn som transporterer farleg gods?

a) Det skal vere minst eitt berbart brannsløkkingsapparat på minst 2 kg i brannklassane A, B og C, eigna til å sløkkje brann i motor/førarhytte.

b) Det skal vere to berbare apparat på 2 kg i brannklassene A, B og C, eigna til å sløkkje brann i motor/førarhytte.

c) Det skal vere to apparat på 6 kg.

d) Køyretøy med tillaten totalvekt over 7,5 tonn skal totalt ha eitt eller fleire apparat på til saman minst 12 kg i brannklassane A, B og C, der minst eitt av dei har ein kapasitet på 6 kg. Det er tilstrekkeleg med 12 kg totalt på ei transporteining.

8.4

Kva utstyr er det krav om på ei transporteining med farleg gods, til kvar medlem av mannskapet på køyretøyet?

a) ei lommelykt

b) ein eigna varselvest eller varselklede

c) augevern og vernehanskar

d) eit førstehjelpsskrin

8.5

Kva er minstekravet til førstegongsopplæring (grunnleggjande kurs) for ADR-kompetansebevis?

a) 18 undervisningstimar i teori, blant anna om korleis ein går fram ved uhell i tunnel

b) praktiske øvingar i førstehjelp/brannvern

c) 30 undervisningstimar i teori

d) øvingar i korleis ein går fram ved uhell/ulykke

8.6

Kva for regel/reglar under gjeld for køyretøy­mannskapet ved transport av farleg gods over dei mengdene som er oppgitt i kapittel 1.1.3.6?

a) Det er forbode å ta med passasjer.

b) Køyretøymannskapet må kunne bruke brannsløkkingsmateriellet.

c) Bilføraren eller hjelpemannen får ikkje opne kolli som inneheld farleg gods.

d) Røyking er forbode inne i eit køyretøy som er i rørsle.

8.7

Kvar finn du reglar om tilsyn med køyretøy?

a) i kapittel 7

b) i kapittel 8.4

c) i kapittel 6.4

d) i kolonne (19) i tabell A i kapittel 3.2 i del 3

Fasit

8.1 a, b, d. Sjå 8.1.2.1 pkt. a, b og d i del 8.

8.2 a, c, d. Sjå 8.1.2.2 pkt. a, c og b i del 8.

8.3 a, d. Sjå 8.1.4.1 pkt. a, b og c i del 8.

8.4 a, b, c. Sjå 8.1.5.2 i del 8.

8.5 a, b, d. Sjå 8.2.2.4.1, 8.2.2.3.8 og 8.2.2.3.2 pkt. n i del 8.

8.6 a, b, c. Sjå 8.3.1, 8.3.2 og 8.3.3 i del 8.

8.7 b, d. Sjå kapittel 8.4 i del 8.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter