Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Del 7: «Bestemmelser om transport, lasting, lossing og håndtering»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Del 7: «Bestemmelser om transport, lasting, lossing og håndtering»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

7.1

Kva kapittel i del 7 gjer greie for lasting, lossing og handtering av farleg gods?

a) kapittel 7.2

b) kapittel 7.3

c) kapittel 7.4

d) kapittel 7.5

7.2

Kva er riktig om storkonteinarar?

a) Ein storkonteinar kan berre brukast til transport av uemballerte faste stoff.

b) Ein storkonteinar kan berre leverast for transport dersom han strukturelt er i driftsmessig stand.

c) Før storkonteinaren blir lasta, skal han kontrollerast for å sikre at det ikkje er rester frå tidlegare last, og at ikkje noko stikk fram frå golv og vegger.

d) Storkonteinarar kan berre fyllast til 80 prosent av volumet sitt.

7. 3

Dersom det i tabell 3.2 A kolonne (16) står V5, kva tyder det?

a) at kolliet berre kan transporterast i storkonteinar

b) at kolliet berre kan transporterast i opent køyretøy

c) at kolliet berre kan transporterast i lukka køyretøy

d) at kolliet ikkje skal transporterast i småkonteinar

7.4

Kva er riktig når føraren kjem til lasteplassen?

a) Det er ingen spesielle reglar om dette i forskriftene.

b) Føraren og køyretøyet skal oppfylle gjeldande forskrifter.

c) Ein skal ikkje laste dersom det ved visuell inspeksjon er avdekt manglar ved køyretøy eller dokument.

d) Ein kan laste sjølv om det er avdekt manglar ved dokument og køyretøy.

7.5

Kva er avgjerande når vi skal vurdere om kolli kan samlastast i same køyretøy eller i same konteinar?

a) tilstanden til køyretøyet

b) UN-nummera på kollia

c) faresetlane på kollia

d) emballasjekodemerkinga

7.6

Du transporterer eit kolli som er merkt med faresetel nr. 8. Kva kan det lastast saman med?

a) kolli med faresetel nr. 1

b) kolli med faresetlane nr. 5.2 + nr. 1

c) kolli med faresetel nr. 3

d) kolli med faresetel nr. 4.3

7.7

Kva kolli skal «ikkje stablast på eller lastast i direkte nærleik» til matvarer, konsumartiklar og dyrefôr?

a) kolli med faresetel nr. 6.1

b) kolli med faresetel nr. 4.2

c) kolli med faresetel nr. 6.2

d) kolli med faresetel nr. 8

Fasit

7.1 d. Sjå innhaldslista i del 7.

7.2 b, c. Sjå 7.1.4 i del 7.

7.3 d. Sjå V5 i 7.2.4 i del 7.

7.4 b, c. Sjå 7.5.1.1 og 7.5.1.2 i del 7.

7.5 c. Sjå 7.5.2.1 i del 7.

7.6 c, d. Sjå 7.5.2.1 i del 7.

7.7 a, c. Sjå 7.5.4 pkt. a og c i del 7.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter