1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Del 5: «Klargjøring for forsendelse»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Del 5: «Klargjøring for forsendelse»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

5.1

Kva er riktig om overpakning?

a) Overpakninga skal vere merkt «OVERPAKNING» med bokstavane «UN» framfor og følgje merkinga av kolli bestemt i 5.2.2 for kvar gjenstand av farleg gods som overpakninga inneheld.

b) Overpakninga skal ikkje hindre at dei enkelte emballasjane verkar etter føremålet.

c) Det er berre tillate med éin inneremballasje i ei overpakning.

d) Samlastingsforboda gjeld også for overpakningar.

5.2

Korleis skal tom, ikkje reingjord emballasje merkjast?

a) skal ikkje merkjast

b) skal merkjast med faresetel nr. 13 og eventuelt med faresetel nr. 11

c) skal merkjast som om han var full

d) skal ikkje merkjast dersom han har innehalde stoff av klasse 7

5.3

Kva er krava til merking av eit kolli?

a) Kolliet skal vere tydeleg og varig merkt med UN-nummer.

b) Merkinga skal vere lett synleg og leseleg.

c) Merkinga skal tåle å bli utsett for utandørs vêr.

d) Kolliet skal vere merkt likt på alle fire sidene.

5.4

Kva er krava til faresetlar på kolli?

a) Faresetlar skal plasserast på kollia slik at dei ikkje blir tildekte.

b) Dersom det er meir enn éin faresetel, skal faresetlane plasserast ved sida av kvarandre.

c) Faresetlane skal plasserast på toppen av kollia.

d) Faresetlane skal plasserast på innsida av ytteremballasjen.

5.5

Kva er riktig om faresetlar på ein konteinar?

a) Faresetlane skal plasserast på begge sidene og i begge endane av konteinaren.

b) Faresetlane skal berre plasserast på begge sidene av konteinaren.

c) Faresetlane skal berre plasserast i begge endane av konteinaren.

d) Faresetlar som ikkje refererer til det farlege stoffet som blir transportert, skal fjernast eller dekkjast til.

5.6

Kva er riktig om merking av stykkgodskøyretøy?

a) Stykkgodskøyretøy skal merkjast med oransjefarga skilt framme og bak.

b) Skiltet som er nemnt i a, skal vere 40 cm breitt og 30 cm høgt.

c) Skiltet som er nemnt i a, skal ha ein svart bord på 1,5 cm og kan vere avdelt på midten med ei svart horisontal linje (15 mm brei).

d) Storleiken på skiltet (sjå svaralternativ b) kan aldri reduserast.

5.7

Kva opplysningar skal eit transportdokument innehalde?

a) bokstavane UN etterfølgde av UN-nummer

b) varenamn

c) nummeret på faresetelen. Er det meir enn éin faresetel, skal nummera på faresetlane som kjem etter, setjast i parentes. Er det ikkje oppgitt faresetel i kolonne (5) i tabell 3.2A, kan ein opplyse om klassen i staden.

d) reglar om samlasting for kolliet det gjeld

5.8

Kva er riktig om transportdokument ved transport der 1.1.3.6 er brukt medvite av éin avsendar?

a) Det er ikkje krav om transportdokument ved transport av
«mengder i tråd med 1.1.3.6» frå éin avsendar.

b) Det skal opplysast om samla mengde farleg gods i kvar transportkategori.

c) Transportdokumentet skal ha følgjande tilleggstekst:
«Lasten kjem ikkje over dei mengdene som er fastsette i 1.1.3.6.»

d) Det skal påførast BG etter UN-nummeret.

5.9

Kva skal blant anna stå i transportdokumentet ved transport av farleg gods?

a) tal og skildring av kolli (NB: Tal, type og storleik på inneremballasjen treng ikkje å stå i transportdokumentet.)

b) orda «FARLEG GODS» med store bokstavar

c) bokstavane «ADR» eller «RID»

d) eventuell erklæring som er kravet etter reglane i ein særavtale

5.10

Kva påstandar om transportdokument er korrekte?

a) Det er alltid krav om transportdokument ved transport av farleg gods.

b) Ved transport av avfall frå farleg gods skal ordet «AVFALL» stå framfor varenamnet.

c) I samsvar med kapittel 3.4 er det ikkje krav om transportdokument ved nasjonal transport av «avgrensa mengder».

d) Dei opplysningane det er krav om i transportdokumentet, skal vere leselege.

5.11

Kva er «skriftlege instruksjonar»?

a) det same som transportuhellskort

b) instruksjonar til føraren dersom det skjer uhell med farleg gods

c) eit dokument som transportøren er ansvarleg for, blir overlevert sjåføren/sjåførane før transporten tek til

d) det same som transportdokument

Fasit

5.1 a, b, d. Sjå 5.1.2.1, 5.1.2.2 og 5.1.2.4 i del 5.

5.2 c, d. Sjå 5.1.3.1 i del 5.

5.3 a, b, c. Sjå 5.2.1.1 og 5.2.1.2 i del 5.

5.4 a, b. Sjå 5.2.2.1.6 pkt. b og c i del 5.

5.5 a, d. Sjå 5.3.1.1.5 og 5.3.1.2 i del 5.

5.6 a, b, c. Sjå 5.3.2.1.1 og 5.3.2.2.1 i del 5.

5.7 a, b, c. Sjå 5.4.1.1.1 pkt. a, b og c i del 5.

5.8 b. Sjå ANM pkt. f i 5.4.1.1.1 i del 5.

5.9 a, d. Sjå 5.4.1.1.1 pkt. e og i i del 5.

5.10 b, c, d. Sjå 3.4.1 i del 3, 5.4.1.1.2 og 5.4.1.1.3 i del 5.

5.11 a, b, c. Sjå 5.4.3.1 og 5.4.3.2 i del 5 (og 8.1.2.3 i del 8).

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter