Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Del 3: «Liste over farlig gods og unntak for avgrensede mengder»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Del 3: «Liste over farlig gods og unntak for avgrensede mengder»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

3.1

Kva er riktig om tabell 3.2A i del 3 i ADR-boka?

a) Kolonne (1) viser UN-nummeret til vara.

b) Tabell A er numerisk bygd opp (med stigande UN-nummer).

c) Tabell A viser berre n.o.s.-posisjonar.

d) Det er ei forklaring til tabell 3.2A rett før tabellen.

3.2

Kva viser i rekkjefølgje kolonnane (3b), (4) og (5) i tabell 3.2A?

a) klassifiseringskode, emballasjegruppe og faresetlar

b) emballasjegruppe, faresetlar og spesielle reglar

c) faresetlar, spesielle reglar og «unntatte mengder»

d) spesielle reglar, «unntatte mengder» og emballeringsreglar

3.3

Kva for kolonnar i tabell 3.2A tek for seg reglar om lasting, lossing, handtering og gjennomføring av transporten?

a) kolonnane (5) og (6)

b) kolonnane (18) og (19)

c) kolonnane (13) og (14)

d) kolonnane (2) og (3)

3.4

Kva klasse tilhøyrer UN-1210?

a) klasse 2

b) klasse 3

c) klasse 4.1

d) klasse 4.2

3.5

Kva vil det seie at kolonne (7) i tabell 3.2A viser «0»?

a) Denne vara kan ikkje transporterast i det hele teke.

b) Det er ingen ADR-reglar som gjeld for denne vara.

c) Vara kan transporterast som «begrenset mengde».

d) Vara kan ikkje transporterast som «begrenset mengde» ifølgje dette kapittelet.

3.6

Du transporterer «begrenset mengde» i samsvar med kolonne (7a) og får opplysninga «5 kg». Du skal transportere dette i samansett emballasje. Kva er riktig?

a) Inneremballasjen kan maksimalt innehalde 5 l.

b) Inneremballasjen kan maksimalt innehalde 5 kg.

c) Maksimal bruttomasse på kolli er 30 kg.

d) Maksimal bruttomasse på kolli er 45 l.

3.7

Korleis skal vi merkje kolli med «unntatte mengder»?

a) treng ikkje merkjast

b) med faresetel og UN-nummer

c) med ein firkant med ein E inni ein sirkel, sjå kapittel 3.5.4.2

d) merkinga (sjå alternativ c) skal innehalde det første faresetelnummeret som er vist i kolonne (5), og eventuelt namnet på avsendar eller mottakar

Fasit

3.1 a, b, d. Sjå 3.2.1 og tabell 3.2A i del 3.

3.2 a. Sjå 3.2.1 eller tabell 3.2A i del 3.

3.3 b. Sjå 3.2.1 eller kolonnane (18) og (19) i del 3.

3.4 b. Sjå tabell 3.2A i del 3.

3.5 d. Sjå 3.4.1 i del 3.

3.6 b, c. Sjå 3.4.1, 3.4.2 og kolonne (7a) i tabell 3.2A i del 3.

3.7 c, d. Sjå 3.5.4.2 i del 3.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter