Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Del 2: «Klassifisering»

I desse oppgåvene kan det vere fleire riktige svaralternativ.

2.1

Kva for klasse i ADR handlar om infeksjonsfremjande stoff?

a) klasse 3

b) klasse 4.1

c) klasse 6.2

d) klasse 9

2.2

Kva tyder klassifiseringskoden «2 TOC» i samband med klassifisering i klasse 2?

a) ein flytande gass

b) ein giftig, oksiderande og etsande gass

c) ein komprimert gass

d) ein brennbar gass

2.3

Kva er riktig om oksiderande stoff?

a) Oksiderande stoff er ikkje nødvendigvis brennbare sjølve.

b) Oksiderande stoff er alltid brennbare.

c) Oksiderande stoff kan føre til forbrenning av andre materialar og gjenstandar som inneheld brennbare stoff, i hovudsak ved å gi frå seg oksygen.

d) Oksiderande stoff er alltid giftige.

2.4

Kan kjemisk ustabile stoff i klasse 5.1 takast imot for transport?

a) Berre dersom det er sett i verk nødvendige tiltak for å hindre farleg spalting eller polymerisasjon under transporten.

b) Ja, dersom ein passar på at behaldarane ikkje inneheld materialar som kan føre til spalting eller polymerisasjon.

c) Nei, aldri.

d) Ja, alltid.

2.5

Kva meiner vi med emballasjegruppe III ved transport av giftige stoff?

a) svært giftige stoff

b) giftige stoff

c) svakt giftige stoff

d) at kor giftige dei er ved svelging, LD50 (mg/kg), er over 50 og mindre enn eller lik 300

2.6

Kva er riktig om klasse 6.2?

a) Klassen er delt inn i gruppene I1–I4.

b) Infeksjonsfremjande stoff er delte inn i kategoriane A og B.

c) Klassen er delt inn i risikogruppene 1–4.

d) Klasse 6.2 er ikkje delt inn i emballasjegrupper
(med unntak av UN-3291).

2.7

Kva er riktig om klassifiseringskoden «C8» for stoff i klasse 8 (etsande stoff)?

a) eit etsande stoff utan tilleggsrisiko

b) eit basisk stoff

c) eit organisk fast stoff

d) eit flytande stoff

Fasit

2.1 c. Sjå 2.1.1.1 i del 2.

2.2 a, b. Sjå 2.2.2.1.2 og 2.2.2.1.3 i del 2.

2.3 a, c. Sjå 2.2.51.1.1 i del 2.

2.4 a, b. Sjå 2.2.51.2.1 i del 2.

2.5 c, d. Sjå 2.2.61.1.4 og 2.2.61.1.7 i del 2.

2.6 a, b, d. Sjå 2.2.62.1.2, 2.2.62.1.4.1, 2.2.62.1.4.2 og 2.2.62.1.11.4 i del 2.

2.7 a, b, c. Sjå 2.2.8.1.2.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter