1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Forskrift om landtransport av farlig gods nr. 384ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Forskrift om landtransport av farlig gods nr. 384

Spørsmål frå «Landtransport av farlig gods» fremst i boka. Det kan vere fleire riktige svaralternativ.

1: Kva verkeområde har denne forskrifta?

  1. Forskrifta regulerer berre førebuingane til landtransport av farleg gods.
  2. Forskrifta regulerer førebuing til, gjennomføring og avslutning av all landtransport av farleg gods.
  3. Forskrifta gjeld for alle ADR-medlemsland.

2: Kvar gjeld ikkje ADR-forskrifta?

  1. Ho gjeld ikkje for transport av farleg gods som i sin heilskap skjer innanfor eit lukka område.
  2. Ho gjeld ikkje for transport av farleg gods på mobile maskinar dersom det farlege godset blir brukt av den mobile maskinen.
  3. Ho gjeld ikkje for transport av farleg gods på offentleg veg.

3: Kor mange ulike klassar er ADR delt inn i?

  1. 4 klassar
  2. 5 klassar
  3. 7 klassar
  4. 13 klassar

4: Kva klasse har organiske peroksid?

  1. klasse 9
  2. klasse 4.1
  3. klasse 5.2

5: Kva meiner vi med tom, ikkje reingjord tank?

  1. tank som inneheld mindre enn 15 prosent væske eller gass i væskefase, og som maksimalt er på 1500 kg
  2. tank heilt utan væske eller granulat
  3. tank som er sertifisert tom

6: Kan vi overlate farleg godstransport til ein som openbert manglar kunnskapar og ferdigheiter om denne typen transport?

  1. Ja, dette er ansvaret til transportøren.
  2. Ja, men berre klassane 3, 5.1 og 9.
  3. Nei.
  4. Ja, men ikkje klasse 7 (radioaktivt materiale).

7: Kva krav gjeld for verksemder som driv med transport av farleg gods?

  1. Verksemda skal kartleggje farar og problem som kan oppstå ved transport av farleg gods.
  2. Verksemda skal sørgje for at alle som har med farleg gods å gjere, har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter.
  3. Eigarar og brukarar av køyretøy og materiell skal sørgje for at dette er i forsvarleg stand gjennom systematisk tilstandskontroll og vedlikehald.
  4. Det einaste kravet er at sjåførane har ADR-kompetansebevis.

8: Kva er riktig om farleg gods på godsterminal?

  1. Ansvarleg for godsterminalen skal etter førespurnad frå brannvesenet vise kvar det farlege godset er plassert på terminalen.
  2. Transportterminalar er ikkje underlagde ADR-forskrifta.
  3. Alle tilsette på terminalen må ha ADR-kompetansebevis.
  4. Terminaltilsette treng inga intern opplæring i å behandle farleg gods.

9: Kva er riktig når det gjeld språk i dokument som handlar om farleg gods?

  1. For transportar som i sin heilskap går føre seg i Noreg, held det å bruke norsk språk i alle dokument og ved merking.
  2. Transportdokumentet skal vere på eit språk sjåføren forstår ved køyring i Noreg.
  3. Skriftlege instruksjonar (transportuhellskort) skal vere på norsk, svensk eller dansk.
  4. Ved internasjonale transportar gjeld aktuelle ADR­-reglar om språk.

10: ADR-kompetansebevis – kva er riktig?

  1. Dette stoffet finn vi i kapittel 8.2 i del 8 i ADR.
  2. Politi og tollvesen er fritekne frå kravet om ADR-kompetansebevis.
  3. Det er krav om ADR-kompetansebevis i samband med verkstadkontroll av tom, ikkje reingjord tank.
  4. Det er krav om ADR-kompetansebevis for tenestemenn i Statens vegvesen i samband med kontroll.

11: Kva instansar kan kontrollere køyretøy som fraktar farleg gods?

  1. berre politiet og vegkontoret
  2. berre politiet, vegkontoret og brannvesenet
  3. berre DSB
  4. DSB, vegkontoret, politiet og tollvesenet

12: Kven er eksamensadministrator for ADR-kompetansebevis?

  1. Statens vegvesen
  2. Teknologisk Institutt
  3. Stiftelsen Norsk Brannvernforening
  4. DSB

13: Kva må gjerast ved uhell der det er fare for lekkasje eller brann?

  1. Føraren av køyretøyet skal straks varsle brannvesenet.
  2. Verksemda skal innan åtte dagar rapportere til DSB om uhellet på eit bestemt skjema.
  3. Transportøren skal rydde opp etter seg og sjølv vurdere vidare tiltak.
  4. Berre opprydding er nødvendig.
Fasit
  1. b. Sjå § 2 i forskrifta.
  2. a, b. Sjå § 2 i forskrifta.
  3. d. Sjå § 3 i forskrifta.
  4. c. Sjå § 3 i forskrifta.
  5. a. Sjå § 3 i forskrifta.
  6. c. Sjå § 4 i forskrifta.
  7. a, b, c. Sjå § 5 i forskrifta.
  8. a. Sjå § 8 i forskrifta.
  9. a, d. Sjå § 9 i forskrifta.
  10. a, b. Sjå § 11 med rettleiing i forskrifta.
  11. d. Sjå § 30 andre setning i forskrifta.
  12. a. Sjå § 33 med rettleiing i forskrifta.
  13. a, b. Sjå § 6 i forskrifta.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter