Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Samlasting og andre unntakChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samlasting og andre unntak

Lasting av visse farlege godsslag saman med andre kan auke risikoen. Derfor er det i mange tilfelle forbode å samlaste.

Bakenden på 6 lastebiler med forskjellige farger, parkert foran terminalbygning.foto.

Samlasting forbudt?

Reglar om forbod mot samlasting finn du i 7.5.2 i del 7. Dei er baserte på kva faresetlar kollia er merkte med.

Dei viktigaste reglane er:

  • Varer som er merkte med eksplosjonsfare (faresetlane nr. 1, 1.4, 1.5 og 1.6), skal ikkje (med få unntak) lastast saman med gods som er merkt med annan faresetel. Samlasting av forskjellige eksplosive varer er berre tillaten etter spesielle reglar. Se 7.5.2.2 i del 7.
  • Kolli med faresetlane nr. 6.1 og nr. 6.2 og enkelte kolli med faresetel nr. 9 skal haldast fråskilde frå matvarer, andre konsumvarer og dyrefôr med til dømes skiljevegg, ekstra emballasje eller ein avstand på minst 80 cm. Dette gjeld også under lasting, lossing og omlasting. Sjå 7.5.4 i del 7.

«Mengder i henhold til 1.1.3.6»

Ved transport av «mengder henhold til 1.1.3.6» (farleg gods) kan transporten skje på noko mildare vilkår. Sjå 1.1.3.6.2 i del 1. Du er då friteken for ein del krav, blant anna slepp du

  • ADR-kompetansebevis
  • alt ADR-utstyr på køyretøyet med unntak av eit tokilos brannsløkkingsapparat
  • merking av køyretøyet
  • transportuhellskort
  • forbodet mot å ha med passasjer

Du finn ein oversikt over kva som blir rekna som «mengder i henhold til 1.1.3.6» av de ulike godsslaga, i 1.1.3.6.3 i del 1 og tabell 3.2A kolonne (15) i del 3. Dette er avhengig av kor farleg vara er, og blir rekna i tal poeng. Som «mengder i henhold til 1.1.3.6» kan føraren som hovudregel ta med 1000 poeng farleg gods. Når avsendaren medvite følgjer reglane om «mengder i henhold til 1.1.3.6», skal den samla mengda farleg gods i kvar transportkategori førast opp i transportdokumentet i samsvar med reglane i 1.1.3.6.3. Får føraren fleire slike transportdokument, må han summere poenga og passe på at han ikkje kjem over 1000 poeng. Kjem føraren over 1000 poeng, blir det rekna som ein vanleg ADR-transport, som blant anna krev at føraren har ADR-kompetansebevis.

«Begrensede mengder»

Ein del varer fell nesten heilt utanfor ADR-reglane dersom dei er pakka på spesielle vilkår. Dette finn vi i kolonne (7a) i tabell 3.2A. Sjå kapittel 3.4 i del 3. Krava som gjeld her, er

  1. at emballasjen skal vere godkjend
  2. at kollia skal vere merkte spesielt (jf. 3.4.7)
  3. at varene skal vere pakka i samsvar med kapittel 3.4 og kolonne (7a) i tabell 3.2A

I tillegg kan det på køyretøy med totalvekt over 12 tonn som fraktar over 8 tonn «begrensede mengder», vere krav til merking etter punkt 3.4.15.

Varer kan derfor delvis «pakkast ut» av ADR-reglane, til dømes parafin i kanner på 5 liter (30 kg i kvar kartong). Så lenge emballeringa er godkjend, blir ikkje dette rekna som så farleg at alle reglane i ADR må gjelde. Tanken bak er at forbruksvarer må få unntak for reglane for at ikkje regelverket skal vere for stivbeint. Det er likevel eit krav (ein hovudregel) at også desse kollia skal vere merkte med spesiell faresetel, sjå 3.4.7.

«Unntatte mengder»

Reglar om mengder det er unntak for, finn vi i kolonne (7b) i tabell 3.2A og i kapittel 3.5. Desse unntaka er delte inn i E0–E5. No snakkar vi om varer på 30 g eller 30 ml i kvar inneremballasje og opp til 1000 g i ytteremballasje og maksimalt 1000 kolli på eitt køyretøy. Då er vi fritekne for alt i ADR bortsett frå

  1. opplæringskrava i kapittel 1.3

  2. klassifiseringsprosedyrar og kriteria for emballasjegruppene i del 2

  3. ein del grunnleggjande emballasjekrav

«Mengder i henhold til 1.1.3.1»

Unntak («mengder i henhold til 1.1.3.1») fell heilt utanfor ADR-reglane, men må ikkje overskride «mengder i henhold til 1.1.3.6». Sjå 1.1.3.1 i del 1. Døme på unntak er

  • dykkarflasker til eigen bruk
  • ein rørleggjar som transporterer éi flaske acetylen til bruk i arbeidet sitt

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter