Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Ansvarsforhold ved transport av farleg godsChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ansvarsforhold ved transport av farleg gods

Anvarsforholdet ved transport av farleg gods gjeld både for avsendar, eigar av kjøretøy, sjåfør og andre som er involverte i behandling av det farlege godset.

Bakenden av veltet bil merket med brennbart, farlig gods. Utrykningskjøretøy og -personell i bakgrunnen.foto.
Utrykningskjøretøy og -personell ved veltet bil med brennbart, farlig gods.

Avsendaren

Avsendaren er blant anna ansvarleg for at

  • godset er klassifisert og tillate å transportere
  • det er brukt godkjend emballasje
  • godset er forskriftsmessig merkt
  • transportdokumentet (fraktbrevet) er fullstendig utfylt

Sjå 1.4.2.1 i del 1.
Avsendaren har plikt til å informere føraren om at det er farleg gods i lasten.

Eigaren av køyretøy og materiell

Eigaren er blant anna ansvarleg for at

  • køyretøyet er godkjent og i forskriftsmessig stand
  • det ligg føre godkjenningsattest for køyretøyet når det er krav om det
  • føraren har ADR-kompetansebevis når det er krav om det

Eigaren av tankar, tankkonteinarar, behaldarar og IBC-ar skal sjå til at dei blir framstilte til periodisk kontroll i samsvar med ADR.

Sjåføren

Sjåføren har blant anna ansvar for å

  • sørgje for å ha ADR-kompetansebevis når det er krav om det
  • passe på at køyretøyet er godkjent for dei produkta som blir transporterte
  • kontrollere at køyretøyet er utstyrt med verneutstyr og brannsløkkingsapparat i samsvar med forskriftene
  • følgje ADR-regelverket elles
  • kontrollere at trafikkuhellskort følgjer med transporten når det er krav om slikt kort, og gjere seg kjend med kva transportuhellskortet inneheld
  • følgje eit eventuelt forbod mot samlasting på køyretøy
  • avvise last dersom det er openberre manglar med emballasje, merking, dokument eller liknande
  • varsle lastebileigaren dersom han blir merksam på at transporten inneber auka risiko eller ikkje følgjer ADR-forskriftene
  • kontrollere at køyretøyet ikkje er overlasta
  • kontrollere at køyretøyet alltid er i forsvarleg og forskriftsmessig stand
  • sjå til at påbode utstyr og merking er på plass
  • varsle brannvesenet (telefon 110) ved uhell
  • forsikre seg om at det blir fylt/tømt riktig produkt og mengde ved fylling/tømming av tankkøyretøy
  • halde tankkøyretøyet under konstant oppsyn ved fylling og tømming

Sjølvsagt er førarar også pålagde eit stort ansvar når det gjeld å køyre spesielt forsiktig og defensivt slik at transporten kan gå føre seg på ein forsvarleg måte.

Krav til andre

Regelverket stiller i tillegg krav til sikkerheitsrådgivar (sjå § 10 i den norske forskrifta og 1.8.3 i del 1), generelle krav til transportør (sjå 1.4.2.2 i del 1), mottakar (sjå 1.4.2.3 i del 1), lastar (sjå 1.4.3.1 i del 1), pakkar (sjå 1.4.3.2 i del 1), fyllar (sjå 1.4.3.3 i del 1) og tankkonteinaroperatør / multimodal tankoperatør (sjå 1.4.3.4 i del 1).

Forsikringsselskapa reknar transport av farleg gods som meir risikofylt enn ordinær transport. Det bør derfor teiknast tilleggsforsikring ved transport av farleg gods.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter