1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. ADR-bokaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

ADR-boka

ADR-regelverket inneheld reglar for ulike vareslag for alle forhold som har med transporten å gjere. Avtalen med alle reglar og ein del annan informasjon er samla i boka «ADR/RID Forskrift om landtransport av farlig gods», som er på 1269 sider.

ADR-boka, med merkelapper. foto.
ADR-boka, med merkelapper

Innhald

Innhaldet er systematisk ordna, så med øving kan du relativt raskt finne fram til det du treng å vite. ADR-boka kjem vanlegvis i ny utgåve annakvart år. Pass på at du alltid har siste utgåva tilgjengeleg. Hugs å merkje ho med merkeetikettane som følgjer med! Det lettar arbeidet med å finne fram i regelverket.

Når du ser ADR-boka for første gong, kan ho verke nokså uoverkomeleg, men hugs at du ikkje treng å «pugge» henne utanåt. Det du må kunne, er å vite korleis du skal finne fram i henne.

Før du byrjar å bruke ADR-boka, bør du lære deg å dele ho inn. I innhaldslista ser du at ADR-boka består av to delar:

  • innleiande del
  • sjølve ADR-regelverket (delane 1–9)

Innleiande del

Den innleiande delen av ADR-boka inneheld blant anna

  • forord
  • korleis finne fram i boka (bruksrettleiing)
  • nyhende frå 1. januar 2011
  • forskrift av 1. april 2009 nr. 384 om landtransport av farlig gods med veiledning

ADR-regelverket

Delane 1–9 i ADR-boka tek for seg sjølve ADR-regelverket, sjå innhaldslista. (Det finst elles ei innhaldsliste fremst i kvar av dei ni delane i boka.) Noko av det viktigaste for deg er dei to tabellane i boka: sjølve hovudtabellen – tabell A i kapittel 3.2 – og tabell B i kapittel 3.2.

Tabell B er berre ei alfabetisk vareliste som gir deg riktig UN-nummer stoffet. UN-nummeret er utgangspunktet for tabell A. Tabell A er nøkkelen til resten av ADR-boka.

Tabell A består av 25 kolonnar. Ei forklaring på desse kolonnane finn du rett før tabellen, sjå 3.2.1 i del 3. Tabelloppslaget går over to sider med UN-nummeret i begge endar (først og sist).

Lenkje til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (dsb)

bruker ADR-boka 1

Døme på bruk av boka

Vi skal transportere SVOVELSYRE, BRUKT. Vi kjenner ikkje UN-nummeret, så vi går til tabell B (den alfabetiske varelista), og der finn vi at denne vara er merkt UN-1832. Så går vi vidare til tabell 3.2A (hovudtabellen, som er numerisk bygd opp) og ser etter UN-1832.

Kolonne (1) i tabell A viser UN-nummeret.

Kolonne (2) viser varenamnet med store bokstavar. Det som står med små bokstavar, er berre utfyllande opplysningar om stoffet (sjå til dømes UN-1830). Opplysningar med små bokstavar treng ikkje stå i transportdokumentet.

Kolonne (3a) fortel at dette stoffet høyrer til klasse 8, «etsende stoffer». Ei oversikt over alle fareklassane finn du i kapittel 2.1.

Kolonne (3b) gir deg klassifiseringskoden C1. Går du rett opp i kolonnen, står det 2.2 øvst. Det viser til kapittel 2.2. Her finn du spesielle reglar for dei enkelte klassane. Gå til innhaldslista for del 2 og sjå etter 2.2.8 (kapittel 2.2 + klasse 8 = 2.2.8). Innhaldslista viser veg til side 274. Der finn du at C1 står for

  • C1–C10 = etsande stoff utan tilleggsrisiko
  • C1–C4 = sure stoff
  • C1 = uorganisk væske

Kolonne (4) fortel deg at dette stoffet høyrer til emballasjegruppe II. Sjå 2.1.1.3 (øvst i tabellen). Då ser du at stoffet er middels farleg. Gå også inn i klasse 8 (2.2.8.1.3 – 8 betyr her klasse 8). Då ser du at det vil seie etsande stoff.

Kolonne (5) fortel at du ved ADR-transport skal bruke faresetel nr. 8 på kolli og tank-/bulkkøyretøy. (Står det faresetelnummer i parentes her, gjeld det berre ved RID-transport, det vil seie jernbanetransport.) Denne faresetelen blir brukt på kolli, tankkøyretøy og konteinarar – ikkje på skap- eller kapellkøyretøy.

Kolonne (6) viser til dei spesielle reglane i kapittel 3.3. Her står det 113. Kode 113 i kapittel 3.3 betyr «Transport av kjemisk ustabile blandinger er forbudt».

Kolonne (7a) fortel om og eventuelt korleis stoffet kan pakkast som «begrenset mengde». Her finn du 1 l. Gå til kapittel 3.4. I 3.4.2 finn du:

  1. i samansett emballasje: «1 l i hver inneremballasje og største bruttomasse skal ikke overstige 30 kg»

    eller

  2. ved bruk av inneremballasje plassert på brett med krympe- eller strekkfilm: «1 l i hver inneremballasje og største bruttomasse ikke over 20 kg» (sjå kapittel 3.4.3)

Kolonne (7b) fortel korleis dette kan pakkes som «unntatt mengde». Vi får opp koden E2. Sidan dette er eit flytande stoff, vil det seie at maksimal vekt for inneremballasjen er 30 ml og for ytteremballasjen 500 ml.

Kolonne (8) fortel deg at du kan bruke emballeringsreglane P001 eller IBC02. Sjå 4.1.4.

Kolonne (9a) er tom. Det betyr at det ikkje er nokon spesielle emballeringsreglar for denne vara.

Kolonne (9b) gir deg koden MP15, ein kode for reglar om samemballering. Se 4.1.10. I MP15 i 4.1.10.4 får du detaljerte opplysningar om kva du kan samemballere denne vara med, og korleis.

Kolonne (10) gir deg tankkoden for multimodale tankar eller bulkkonteinarar: T8. Når kolonnane (10) og (11) er utfylte, betyr det at vara er tillaten transportert i multimodale tankar eller bulkkonteinarar, etter tur ein T-kode eller ein BK-kode (i motsetning til for eksempel UN-1870). Tankkode T8 finn du i 4.2.5.2. Koden gir opplysningar om minste prøvetrykk, veggtjukkleik og liknande, i tillegg til kva andre multimodale tankar som også kan ta med denne vara. Sjå 4.2.5.2.5 og 4.2.5.2.6.

Kolonne (11) gir spesielle reglar som gjeld multimodale tankar. Her finn du kodane TP2 og TP12. Sjå 4.2.5.3. TP2 gir deg fyllingsgraden.

Kolonne (12) gir deg tankkoden L4BN. Sjå kapittel 4.3, nærare bestemt 4.3.4.1.1:

  • L står for at det er ein tank for stoff i flytande form.
  • 4 står for minste berekningstrykk i bar ifølgje alminnelege reglar («alminnelige bestemmelser».
  • B står for at det gjeld ein tank med opningar for botnfylling og tøming som har tre lukkeinnretningar.
  • N vil seie at det er ein tank utan ventilasjonssystem som ikkje er hermetisk lukka.

Kolonne (13) er tom. Det betyr at det ikkje finst spesielle reglar for bruk av tank (kapittel 4.3.5) eller konstruksjon av tank (kapittel 6.8.4) for dette stoffet.

Kolonne (14) fortel at du minst må ha eit AT-godkjent køyretøy. Sjå 9.1.1.2.
Sjå også kommentaren til kolonne (14) i innleiinga til tabell 3.2A i del 3, som viser vidare til 7.4.2. Der ser du at FL- og OX-køyretøy også kan nyttast til denne transporten.

Kolonne (15) viser transportkategorien, her 2. Sjå 1.1.3.6, som fortel at du kan ha 333 l av dette stoffet etter unntaksreglane i 1.1.3.6. Denne kolonnen viser også at tunnelrestriksjonskode E gjeld: «Passasje forbudt i tunneler av kategori E», det vil seie ved større mengder enn det som er tillate etter 1.1.3.6.
(Sjå kapitla 8.6 og 1.9.5.)

Kolonne (16) er blank. Det vil seie at det ikkje er nokon spesielle tilleggsreglar for å gjennomføre denne varetransporten i kolli.

Kolonne (17) er også blank. 7.3.3 tek for seg transport i bulk (uemballert fast stoff). Dette er eit flytande stoff!

Kolonne (18) er også tom. Det er altså ingen spesielle tilleggsreglar for lasting, lossing og handtering av dette stoffet.

Kolonne (19) er også tom, altså ingen spesielle tilleggsreglar for gjennomføring av transporten.

Kolonne (19 RID) gjeld berre ved jernbanetransport.

Kolonne (20) viser farenummeret for vara, 80. Sjå 5.3.2.3. Farenummer 80 vil seie at dette er eit etsande eller svakt etsande stoff. 80 er også det øvste talet som skal stå på det oransje skiltet på tankkøyretøy under tanktransport av dette stoffet.

Heilt til høgre i tabellen finn du att UN-nummeret, som skal stå nedst på det oransje skiltet ved tanktransport.

Ein gjennomgang av tabell 3.2A i del 3 gir deg altså dei fleste opplysningane du treng for å kunne transportere ei vare etter ADR-regelverket. I tillegg må du bruke ein del hovudreglar, til dømes om dokument, utstyr, brannsløkkingsmateriell, ADR-kompetansebevis og liknande. Sjå kapittel 8.1 i del 8 i ADR-boka.

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter