Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. ADR/RID i Norge og utlandetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

ADR/RID i Norge og utlandet

«ADR/RID Forskrift om landtransport av farlig gods» (delane 1–9) gjeld for heile EØS-området, medan «forskrift om landtransport av farlig gods», som er teken med fremst i ADR-regelverket og er delt inn i kapittel og paragrafar, berre gjeld i Noreg.

Tankbil med merket for brannfarlig gods på tur inn i tunnel.foto.
Tankbil med merket for brannfarlig gods.
ADR-boka. foto.

Hovudinnhaldet i forskriftene

Hovudinnhaldet i forskriftene er at transportørar frå eit medlemsland skal kunne transportere farleg gods fritt i andre medlemsland så lenge dei følgjer reglane i ADR-avtalen.

Den norske forskrifta

Den norske forskrifta om landtransport av farleg gods med rettleiing (sjå sidene 15–30 i ADR-boka) slår fast som hovudregel at vegtransport av farleg gods skal følgje reglane i ADR-avtalen. Ver særleg merksam på kapittel 1: «Innledende bestemmelser», kapittel 2: «Alminnelige bestemmelser», kapittel 3: «Særskilte krav til visse typer gods, kjøretøy og tanker» og kapittel 6: «Tilsyn og kontroll».

Dei norske særreglane i samband med ADR-avtalen utgjer berre ein liten del av ADR-regelverket og er no innarbeidde i forskrift om landtransport av farlig gods med rettleiing.

Transport i tunnel

Tunnelane er delte inn i kategoriane A–E, som gir restriksjonar på køyring ut frå faren for eksplosjonar, utslepp av giftige gassar eller flyktige væsker og brann. Tunnelane skal vere merkte med vegskilt og signal. Ein tunnel i kategori A har ingen restriksjonar og er heller ikkje merkt.

Det vi tek omsyn til her, er eigenskapane til tunnelen, risikovurdering og tilgjenge, om det er mogleg å regulere trafikken og om det finst alternative ruter. Det kan også hende at éin og same tunnelen er plassert i meir enn éin tunnelkategori, ut frå tid på døgnet, vekedag og liknande.

Vi kan finne opplysningar om dette i riksveglista (vedlegg 1 til forskrift om bruk av køyretøy) og på kartet «Tungtrafikk på riksveger i Norge 2011», som Statens vegvesen har gitt ut. Lenkje til Statens vegvesens nettside .

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter