Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. InternkontrollforskriftaChevronRight
  4. HMS i fagbrevutdanninga og yrkessjåførutdanningaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

HMS i fagbrevutdanninga og yrkessjåførutdanninga

Alle som utdannar seg til yrkessjåførar, må gå gjennom to obligatoriske utdanningar: føraropplæring og yrkessjåførutdanning. I tillegg kan dei vidareutdanne seg og ta fagbrev. Både yrkessjåførutdanninga og fagbrevutdanninga inneheld krav om HMS-kunnskapar.

Sjåførplass og utsikt i front sett fra midtgang i buss.foto.

Her skal vi vise samanhengen mellom føraropplæringa, yrkessjåførutdanninga og fagbrevutdanninga.

Føraropplæring og yrkessjåførutdanning

Figuren nedanfor viser korleis føraropplæringa gir deg trafikal kompetanse, og korleis yrkessjåførutdanninga gir deg yrkessjåførkompetanse. Til saman gir dette yrkesfagleg kompetanse.

Føraropplæringa og yrkessjåførutdanninga.
Føraropplæringa og yrkessjåførutdanninga gir deg til saman rett til å arbeide som yrkessjåfør på tunge køyretøy.

Føraropplæringa er styrt av læreplanar med fastsette læremål. Statens vegvesen har samla læreplanane i handbøker som er nummererte slik:

  • handbok 255: læreplan klassane C1 og C1E
  • handbok 256: læreplan klassane D1 og D1E
  • handbok 257: læreplan klassane C og CE
  • handbok 258: læreplan klassane D og DE

Det same gjeld yrkessjåførutdanninga. Læreplanen for yrkessjåførutdanninga er handbok 277. Når du har fullført føraropplæringa for tunge køyretøy, oppnår du sertifikat for den eller dei køyretøyklassane du har utdanna deg for. Når du har fullført yrkessjåførutdanninga, får du yrkessjåførbevis.

Både føraropplæringa og yrkessjåførutdanninga er bygd opp av ulike modular. I tillegg er det sett krav til rekkjefølgja ein skal ta modulane i. Sjå figuren nedanfor.

Samanhengen mellom føraropplæringa og yrkessjåførutdanninga.
Samanhengen mellom føraropplæringa og yrkessjåførutdanninga.

Som figuren viser, må elevar som utdannar seg til godssjåfør, ha fullført trinn 3 i føraropplæringa og modul G4 i yrkessjåførutdanninga før dei tek kurset i lastsikring.
Tilsvarande skal dei vere ferdige med modul 1 i yrkessjåførutdanninga før dei får opplæring i
ulykkesberedskap i trinn 1 i føraropplæringa.

Modul 2 i yrkessjåførutdanninga heiter «Yrkessjåførens sikkerheit, helse og arbeidsmiljø». Her møter elevane krav om HMS-kunnskapar som ein del av den obligatoriske yrkessjåførutdanninga.

Fagbrevopplæringa

HMS-kunnskapar er òg ein del av fagopplæringa.

Læreplanen for fagbrevutdanninga (Vg2 Transport og logistikk) inneheld læremål som overlappar det du lærer i yrkessjåførutdanninga.

Yrkessjåførelevar lærer derfor om HMS og internkontroll både gjennom yrkessjåførutdanninga og fagbrevutdanninga, medan logistikkelevar berre lærer om HMS og internkontroll gjennom fagbrevutdanninga.

Det er eit bevisst val frå styresmaktene si side at du møter eit tema fleire gonger under utdanninga. Det hjelper deg til å sjå og arbeide med lærestoffet frå ulike vinklar. I tillegg får du repetert lærestoffet slik at det sit.

Lenkjer

Læreplan klassene C1 og C1E:

Læreplan klassene D1 og D1E

Læreplan klassene C og CE

Læreplan klassene D og DE

Læreplan yrkessjåførutdanningen

Læringsressursar

Internkontrollforskrifta

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs