Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. InternkontrollforskriftaChevronRight
  4. Døme på arbeidsbeskriving (IK–Mat)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Døme på arbeidsbeskriving (IK–Mat)

Her skal vi sjå døme på ein rutine for å følgje opp krav i IK–Mat ved lagring og transport.

Mann med termodress og finlandshette kjører truck på fryselager.foto.
Fryselager

Laila er logistikkoperatør og arbeider på eit fryselager for ei daglegvarekjede. Dagleg må ho følgje denne rutinen:

Rutine

  • Hent plukkliste frå tilvist stad.
  • Hent lastberar etter plukklista (til dømes europall, halvpall eller frysekonteinar).
  • Plukk varene i den rekkjefølgja plukklista viser, og plasser varene på lastberaren.
  • Plasser varene i det oppstillingsområdet av fryselageret som er for uttransport.

Arne er distribusjonssjåfør. Han køyrer ein 3-sone-temperaturbil. Det vil seie at han kan innreie lasterommet i ulike temperatursoner ved hjelp av vegger han kan flytte på. Dermed kan han etablere ei frysesone, ei kjølesone og ei tørrvaresone.

Når Arne har levert returemballasje frå førre distribusjonstur til Evy, må han laste køyretøyet for neste tur. Då skal han følgje denne rutinen:

Lasterutine

  • Sjekk kor mange pallar av kjølevarer og frysevarer du skal laste.
  • Ordne skiljeveggene i lasterommet for kjøl og frys.
  • Still inn temperaturen i sonene.
  • Last inn i denne rekkjefølgja: tørrvarer, kjølevarer, frysevarer.
  • Steng temperatursonene med skiljevegger.
  • Følg med på temperaturen i dei ulike sonene frå displayet i førarhuset under transporten.

Lenkje

IK–Mat

Læringsressursar

Internkontrollforskrifta

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs