1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. InternkontrollforskriftaChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Internkontrollforskrifta

Her lærer du kva internkontroll er. Du lærer også om korleis du møter krava internkontrollforskrifta stiller til det praktiske arbeidet ditt som yrkessjåfør eller logistikkoperatør.

Permer med lover og regler. foto.
HMS og kvalitessystem

Internkontroll

Ulykker, skadar og forureining er uakseptabelt både for enkeltpersonar og for samfunnet. Derfor har samfunnet etablert reglar som skal

  • vareta sikkerheita
  • førebyggje ulykker
  • hindre skade på det ytre miljøet

For å sikre at alle som driv verksemd, følgjer reglane, har styresmaktene gitt bedrifter påbod om å etablere eigenkontroll eller internkontroll.

Gjennom internkontrollsystema viser verksemdene korleis dei respekterer vernereglane i samfunnet, eller korleis dei varetek delar av samfunnsansvaret.

Internkontroll (eigenkontroll):

Styringssystem som viser korleis ei bedrift i kvardagen følgjer opp vernereglar som er lovfeste.

For transport- og logistikkbedrifter inneber dette at dei må etablere eit styringssystem som viser korleis dei følgjer opp vernereglane i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga.

Informasjon om HMS hos NHO Reiseliv.

Dersom bedriftene handterer matvarer, må dei i tillegg etablere eit styringssystem som viser korleis dei følgjer opp reglane for mattryggleik i matlova.

Styringssystemet som skal følgje opp krava til helse, miljø og sikkerheit, kallar vi IK–HMS. IK står her for internkontroll, og HMS står for helse, miljø og sikkerheit. Styringssystemet som følgjer opp krava til mattryggleik, kallar vi IK–Mat.

Dei viktigaste lovene som transport- og logistikkverksemder må etablere eigenkontroll for, er

Kasser med ferske råvarer på lager.foto.
Reglene i matloven må følges opp

Krav til bedrifta

Alle verksemder må kartleggje kvar det er størst risiko for uhell og skadar. Deretter må dei utarbeide interne rutinar for korleis dei skal følgje opp vernereglane i lovverket på område der risikoen er unormalt stor. Dei må òg sørgje for at dei tilsette får opplæring i internrutinane, og at dei følgjer desse rutinane i praksis. For å sikre at dette skjer, skal verksemdene ha eigenkontrollar. Dersom kontrollane avdekkjer brot på reglane, må bedriftene gjennomføre tiltak for å hindre nye brot.

Skriftlege rutinar er berre nødvendig der det er unormalt stor risiko

Mange godstransport- og logistikkbedrifter har gjennomført risikovurderingar. Til saman har dei funne at risikoen for klemskadar og uhell ved bruk av truck er unormalt stor. Seriøse bedrifter veit dette og har derfor etablert skriftlege rutinar for bruk av

  • personleg verneutstyr (vernesko, hanskar)
  • truck
Gaffeltruck i fart. foto.
Det er stor risiko for uhell ved bruk av truck.

Oppgåve

Kan du tenkje deg andre område der risikoen for uhell kan vere unormalt stor, slik at transport- og logistikkverksemder må etablere skriftelege vernerutinar?

Beredskapsrutinar der uhell har store konsekvensar

Brannslokkingsapparat.foto.
Brannslokkingsapparat

Vi klarer aldri å eliminere risikoen for uhell heilt. Der konsekvensane av eit uhell kan vere alvorlege, har styresmaktene kravd beredskapsutstyr og beredskapsrutinar. Det er til dømes krav om at transport- og logistikkbedrifter skal ha brannsløkkingsutstyr og førstehjelpsutstyr tilgjengeleg. Dessutan skal tilsette i verksemdene ha kunnskapar om korleis dei bruker slikt utstyr. Somme gonger er det også krav til at bedriftene skal gjennomføre brannøvingar. Då må du vite korleis du skal bruke eit brannsløkkingsapparat, og korleis du skal evakuere.

Læringsressursar

Internkontrollforskrifta