1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
  4. LastberarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lastberar

Ein føresetnad for at lasta skal kunne sikrast, er at lastberaren har sikringsfeste. No skal vi sjå litt nærmare på lastberaren.

Lastbærer.
Lastbærer.

Ein lastberar er eit lasteplan, eit flak eller ein konteinar. Når du skal sikre gods, er det ikkje nok at du bruker band og kjetting som er sterke nok. Du må òg vere sikker på at punktet der sikringsutstyret blir fest i lastberaren, er sterkt nok. Hugs regelen: Inga kjede er sterkare enn det svakaste leddet.

På ein vanleg lastebil med tillaten totalvekt over 7000 kg vil eit sikringsfeste normalt tole 2000 kg. Tenk over dette når du plasserer sikringane som skal brukast. Krava til ein lastberar er noko uklar, sidan regelverket er flytt frå forskrift om krav til køyretøy og over i forskrift om bruk av køyretøy. Fleire endringar er venta i samband med at regelverket skal tilpassast EU-standardar.

Friksjonen mellom golvet i lastberaren og godset er med på å sikre lasta. I teorien er det slik at dersom friksjonskoeffisienten er over 0,5, vil lasta vere sikra godt nok både sidevegs og bakover.

Støttestenger er stenger som blir sette mellom golv og tak eller tvers over – frå side til side. Slike støttestenger er berre berekna som støtte og vil ikkje halde dei kreftene som kan oppstå framover.

Læringsressursar

Lastsikring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs