Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
  4. Omgrep i lastsikringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omgrep i lastsikring

Her skal vi sjå litt meir på nokre av dei omgrepa vi nyttar under temaet lastsikring.

Lastebilsjåfør sikrer last i lasterommet. foto.

Lengd

Vi bruker lengdeeiningane meter (m), centimeter (cm) millimeter (mm).

Vi har samanhengen:

1 m = 100 cm = 1000 mm

Volum

Volumet av eit kasseforma kolli er:

Volum = breidd x lengd x høgd.

Vi bruker volumeiningane kubikkmeter (m3) og liter (l).

Vi har samanhengen:

1 m3 = 1000 l

Masse (vekt)

Vi bruker masseeiningane kilogram (kg) og tonn (t).

Vi har samanhengen:

1 t = 1000 kg

Eigenvekt

Eigenvekta til eit stoff er det same som tettleiken til stoffet. Eigenvekta fortel oss kor mange kilo ein liter av stoffet veg, eller kor mange tonn ein kubikkmeter (m3) av stoffet veg. Einingane er kg/ l eller t / m3.

Tettleiken til vatn er 1, fordi 1 l vatn veg 1 kg, og 1 m3 vatn veg 1t.

Tettleiken til granitt er 2,7, fordi 1 m3 granitt veg 2,7 t.

Kraft

Vi bruker krafteininga newton (N). I samband med sikring av last bruker vi av og til òg eininga dekanewton (dN). Vi har samanhengen:

1 dN = 10 N

Veg du 50 kg og hengjer deg etter armane i ei stong, vil det verke ei kraft på 500 N, eller 50 dN, nedover.

SHF og STF

Standard handkraft SHF, er den krafta som må brukast på handstrammaren for å oppnå STF – som er strammekrafta som blir oppnådd i bandet.

Læringsressursar

Lastsikring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs