1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
  4. SurrebandChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Surreband

Det er ikkje nok berre å kjenne til lovverket for å kunne sikre gods. Du må også kjenne til det utstyret som skal nyttast. Vi skal no sjå nærmare på surreband og andre nyttige hjelpemiddel for sikring av last.

Surrebånd
Diverse surreband.

Krav til surreband

Surreband er det vanlegaste utstyret vi bruker når vi skal sikre last. Surrebanda har eit stort bruksområde, men til stein, stål og betong (SSB) er det som oftast kjetting som blir brukt. Norske krav til fiberstroppar som er berekna for lastsikring, finn du i forskrift om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr (køyretøyforskrifta).

Eigenskapane til eit surreband

Surrebanda kan vere laga av polyester, polyamid eller polypropylen. Polyester er det vanlegaste. Uansett skal materialet som blir nytta til fiberstroppar, ikkje ha dårlegare eigenskapar enn polyester. Fiberstroppane skal vere merkte, og det er ulike reglar for merkinga. Her ser du døme på merking av fiberstroppar.

I Noreg skal minst følgjande informasjon vere nemnt for fiberstroppar som toler over 20 000 N (2000 kg):I EU skal minst følgjande informasjon vere nemnt for fiberstroppar som toler 20 000 N (2000 kg):
Produsent eller leverandørProdusent, produsentkode og leverandør
ProduksjonsårProduksjonsår
Lengd
Strekkraft (enkel part i rett strekk). Dersom andre delar av utstyret enn bandet har mindre strekkraft, skal dette informerast om.LC (lashing capasity). Surringsstyrke. Denne er alltid mindre enn i Noreg, ettersom EU krev ein sikkerheitsfaktor. Blir ført opp i dN (dekaNewton).
MaterialtypeMaterialtype
Påskrifta: MÅ IKKJE BRUKAST TIL LØFT!Påskrifta: NOT FOR LIFTING!
Standard nummer (EN-12195-2)
SHF (Standard hand force). Krafta du bruker på strammaren for å oppnå STF (Standard tension force), som er strekkrafta.

Eit surreband bør kasserast når

  • bandet er nedsmussa
  • det manglar merking
  • det har kutt, knutar eller skadar
  • strammeren er rusta og treg

Du kan vaske eit surreband i varmt vann tilsett litt vanleg såpe.

Dette utstyret bør ikkje brukast
Dette utstyret bør ikkje brukast

Lenkje

Forskrift om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr (kjøretøyforskriften), punkt 11 og 12

Vern av surreband

lasteplan med gods sikret med surrebånd og hjørnebeskyttere. fotot.
Hjørnebeskyttere sparer surrebåndet.

Fiberband kostar pengar, og derfor er det viktig at du som transportarbeidar kan passe på utstyret og bruke det på en slik måte at det ikkje blir slite unødvendig. Eit slite band vil vere ein tryggleiksrisiko for både deg og andre.

Det viktigaste er å verne fiberbanda mot skarpe kantar. Det gjer du ved å bruke hjørnevern eller kutte opp gamle brannslangar og træ dei inn på bandet. Hugs at fiberbanda blir svekte frå den første gongen du bruker dei, og at slitasjen blir mindre om du bruker fleire band.

Bruk av surreband

Når du bruker eit surreband, festar du det først i eit feste på lastberaren som passar. Du dreg så bandet over lasta som skal sikrast, og trær det inn på snella i handstrammaren innanfrå og ut mot deg. Etter at du har fest den andre enden med strammaren i eit festepunkt, dreg du den frie enden oppover og jekkar med handstrammaren. Då slepp du at det blir for mykje band på snella som kan kile seg fast.

Håndstrammer. foto.
Håndstrammer

Stram så mykje du klarer, eller så mykje som godset kan tole. Du skal kunne oppnå eit strekk i surrebandet på minst 10 % av brottstyrken når du bruker ei kraft lik 500 N (som tilsvarer 50 kg) på handstrammaren. Ver merksam på at godset kanskje ikkje toler så mykje. Når du har køyrt eit stykke, må du hugse å etterstramme.

Når du har lossa og skal rulle bandet saman, finst det apparat du kan bruke. Rullar du bandet for hand, må du tenkje over om det er best at kroken ligg inst, eller at han kjem til slutt. Skal bandet kastast, kan det vere lurt at du held i kroken. Skal bandet lagrast til seinare, legg du det tørt når det ikkje er i bruk.

Merking av fiberstropp a
Eksempel på merking av fiberstropp.

Læringsressursar

Lastsikring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs