Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
  4. LastsikringsmetodarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lastsikringsmetodar

Vi har tre metodar for å sikre last, og i tillegg kan vi kombinere desse tre metodane. Vi skal no gå nærmare inn på dei.

Stempling og surring av last på ein tilhengar. Illustrasjon.
Stempling og surring av last

Stempling

Stempling, eller stenging, som det òg blir kalla, er ein metode som blir nytta ofte. Då set ein noko inn i eit tomrom for å fylle det, slik at lasta ikkje skal kunne flytte på seg. Ein kan fylle tomrommet mellom delar av lasta eller mellom lasta og lastberaren. Viss ein til dømes set inn pallar for å fylle lasterommet, er dette ei form for stempling eller stenging.

Surring

Surring er å feste lasta til lastberaren med kjetting eller surreband. Vi har ulike typar surring:

  • overfallsurring
  • grimesurring
  • direkte surring
  • loopsurring

Overfallsurring blir også kalla over-topp-surring eller friksjonssurring. Føremålet er å auke presset mot underlaget slik at godset ikkje flyttar på seg, på grunn av kreftene det blir utsett for.

Overfallsurring av last. Illustrasjon.
Overfallsurring

Grimesurring er ei surring som både pressar ned og stengjer for horisontal rørsle av godset. Dette er ein svært god metode som mange ikkje kjenner til.

Grimesurring av last. Illustrasjon.
Grimesurring

Direktesurring blir til dømes brukt på store maskinar, køyretøy og liknande. Denne surringa går direkte frå godset og til lastberaren.

Direktesurring av last. Illustrasjon.
Direktesurring

Loopsurringar blir alltid brukte i par – det vil seie at vi bruker to surringar som verkar mot kvarandre. Slike surringar blir ofte nytta på langt gods.

Loopsurring av last. Illustrasjon.
Loopsurring

Merk deg hovudregelen: Surring åleine er sjeldan nok!

Vi må som regel kombinere metodar når vi skal sikre last. Ein kombinasjon av surring og stempling er det beste – om ikkje godset blir låst på andre måtar.

Låsing

Låsing vil seie at godset blir fest til transportmiddelet ved hjelp av mekaniske låsar, som til dømes konteinarlås. I tillegg må godset sikrast på vanleg måte inne i konteinaren. Konteinaren skal vere låst i alle fire hjørna.

Sikringskrafta skal vere retta mot den retninga godset vil røre seg.

Læringsressursar

Lastsikring