Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
  4. Reglar for lastsikring på bilChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reglar for lastsikring på bil

No skal vi sjå litt nærmare på regelverket for sikring av last ved vegstransport. På veg blir lasta stadig utsett for krefter i ulike retningar, og krava i lova er tilpassa dette.

Lastebilsjåfør sikrer last i lasterommet. foto.

Vegtrafikklovgivinga

Grunnregelen for all trafikk finn vi i § 3 i vegtrafikklova, som er sitert nedanfor. Lova gjeld sjølvsagt også for sikring av last, men ho seier ikkje noko om korleis og kor mykje lasta skal sikrast.

«Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.
Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.»
(Vegtrafikklova § 3)

Forskrift om bruk av køyretøy av § 3–2 og 3–3, sjå lenkja i margen, har meir detaljerte føresegner om kva krav som blir stilte til sikring av last på køyretøy.

Ved å klikke på dei raude pilene på figuren nedanfor, kan du sjå kva for nokre krav som blir stilte til sikring av gods på bil.

I forskrifta står det også at godset

  • ikkje skal slepe på vegen
  • skal vere jamt fordelt mellom hjul på same aksling
  • skal vere plassert slik at minst 20 % av totalvekta på køyretøyet kviler på framhjula
  • skal vere sikra slik at det ikkje fell av køyretøyet
  • skal haldast innanfor breidda til køyretøyet

Som du ser, gir ikkje regelverket nokre sterke føringar for korleis lasta skal sikrast.

Reglar for sikring av last ved vegtransporten i EU

I lenkja European Best Practice Guidelines on Cargo Securing for Road Transport finn vi europeiske normer for sikring av last som gjeld i store delar av EU. Desse normene er gjort om til norske standardar: EN 12195, lastsikring på køyretøy, sikkerheit del 1, 2 og 3. Dersom transporten skal gå gjennom til dømes Tyskland, må du rette deg etter dette.

Sverige og Danmark har andre regler for lastsikring i dag, men kan komme til å vedta dei same reglane om ikkje lenge (2012–2013). Den største skilnaden er at reglane i EU har ei føresegn om sikringsfaktor på det utstyret som blir nytta til sikring.

Lenkjer

Veitrafikkloven

Forskrift om bruk av kjøretøy, § 3–2 og 3–3

European Best Practice Guidelines on Cargo Securing for Road Transport

Læringsressursar

Lastsikring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs