Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
  4. KrefterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Krefter

Skal du greie å sikre last på ein god måte, må du kjenne til kreftene som oppstår – angrepspunkt, retning og storleik. Sikringskreftene skal sørgje for å stanse den uønskte rørsla som godset får.

Lastebil med åpen dør og mange knuste varekasser i og utenfor.foto.

Newtons første lov

Du har sikkert prøvd å ta fart og skli bortover isen. Når du har komme opp i fart, vil rørsla halde fram – både farten og retninga – dersom det ikkje er nokon friksjon. Det er dette Isaac Newton formulerte i si første lov:

Ein lekam (gjenstand) som er i rørsle, vil halde rørsla ved lag, både farten og retninga, dersom det ikkje verkar krefter på han.

Men det er ei kraft som verkar: friksjonen mellom skosolane dine og isen. Denne krafta verkar mot rørsla, og ho vil til slutt stoppe deg.

Newtons andre lov

Når eit tog eller ein bil bremsar, vil godset prøve å halde rørsla si framover ved lag dersom det ikkje er noko som held att. Det skal ei kraft til for å halde det att, og i fysikken gir vi gjerne denne krafta nemninga F (av engelsk force). Denne krafta er avhengig av massen, m, på godset og akselerasjonen, a, som oppstår. Akselerasjonen er fartsendring per tidseining. Når køyretøyet får større fart, er akselerasjonen positiv, og når køyretøyet bremsar, er akselerasjonen negativ – også kalla retardasjon. Denne samanhengen kan vi uttrykkje slik:

F=m·a

Dette er Newtons andre lov. Formelen fortel oss at det skal større krefter til for å hindre tungt gods å gli enn gods som er lettare. Det stemmer altså ikkje at tungt gods står betre enn lett gods.

Tyngdepunktet

Tyngdepunktet til godset kan vi seie er det punktet der vi kan tenkje oss at all massen er samla.

Skisse av last i lkassen på lastebil. illustrasjon.

Ei firkanta kasse som er fylt med sand og har sider som er like lange, har tyngdepunktet plassert midt i kassa.

Eit kolli kan ha tyngdepunktet lågt, høgt eller ut mot eine sida. Er tyngdepunktet plassert lågt, er stabiliteten betre enn når tyngdepunktet er plassert høgt. Når tyngdepunktet er forskyvd, vil kolliet ofte vere merkt med tyngdepunktsymbolet der tyngdepunktet er.

Det er viktig at sikringskrafta blir plassert over tyngdepunktet for at kolliet skal stå stabilt.

Firkantet kasse markert med mål og tyngdspunkt.illustrasjon.
Når tyngdepunktet er forskyvd, vil kolliet ofte vere merkt med tyngdepunktsymbolet der tyngdepunktet er.

Lenkje:

Isaac Newton

Læringsressursar

Lastsikring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs