Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Lastsikring

Her skal vi seie litt om ulykker som kan oppstå når lasta ikkje er godt nok sikra. Vi skal også seie litt om kva vi må kjenne til for å sikre lasta på riktig måte.

Lasten har forskjøvet seg.
Sikring av last

Ulykker

Kvart år skjer det ulykker der last har vore for dårleg sikra på eit transportmiddel. Nokon av ulykkene krev liv, medan andre fører til meir eller mindre alvorlege skadar på menneske og gods.

Det hender også at lastebilar veltar og skip forliser fordi lasta forskyver seg. Det vil seie at lasta ikkje var godt nok sikra mot dei kreftene som oppstår. Klikk på lenkja Bilskip i orkan i margen. Der ser du lastedekket på eit bilskip under og etter at skipet har vore ute for ein orkan. Merk deg at kameraa står fast.

Når du ser slike bilete, forstår du at det er stort behov for kunnskap om korleis ein skal sikre last. Alle transportmiddel har derfor krav om at lasta skal sikrast slik at menneske eller materiell ikkje kjem til skade.

Ver klar over at last inne i ein personbil kan vere like farleg for dei som sit i bilen, som lasta i ein lastebil. Du kan lese om korleis ein skal sikre last i ein personbil, under lenkja Sikring av last i personbil.

Du er sikkert kjend med at vi i norsk transport har ein visjon om ingen drepne eller hardt skadde. Å sikre lasta er derfor eit viktig ledd i arbeidet mot denne visjonen.

Nødvendig kunnskap

Når vi skal sikre ei last, må vi ha kunnskapar om

  • friksjonen mellom gods og underlag
  • storleiken og retningen på kreftene som kan verke inn på godset under transporten
  • tyngda på godset
  • kva slags sikringsutstyr som er tilgjengeleg
  • kva for sikringsmetode som er eigna for den aktuelle typen gods

For sjøtransport, bane eller fly er det forklaringar og prosedyrar ein skal følgje. Då blir sikringsarbeidet enklare.

For vegtransporten er det lover og reglar, men lite som fortel deg korleis ein skal sikre i alle tilfelle. Det blir derfor mykje opp til deg og det faglege skjønet ditt når du skal sikre last som skal transporterast etter landevegen. Då er det viktig å ha gode kunnskapar om korleis ein sikrar last på best måte.

Lenkjer

Bilskip i orkan

Sikring av last i personbil

Lastsikring del 1

Lastsikring del 2

Feil eller manglande sikring kan få katastrofale følgjer.
Feil eller manglande sikring kan få katastrofale følgjer.

Læringsressursar

Lastsikring