Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. YrkesetikkChevronRight
  5. Normer for inngåtte avtalarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Normer for inngåtte avtalar

Kvar gong vi inngår avtalar, tek vi på oss visse plikter som kundane forventar at vi innfrir. Her lærer du litt om kva plikter transportøren tek på seg gjennom transportavtalar, og kva plikter ein vareseljar tek på seg gjennom ein kjøpsavtale.

Sjåfør triller bruskasser fra lastebil. foto.
Varene må leverast til avtalt tid.

Masseavtale

Når ein busspassasjer kjøper ein bussbillett, inngår passasjeren ein avtale om transport med busselskapet. Det er umogleg å lage nye avtalar for kvar passasjer som kjøper billett. Busselskapa inngår derfor avtalar som vi kallar masseavtalar, og billetten er beviset på at ein masseavtale er inngått. Vilkåra i slike masseavtalar går fram av transportvilkåra til busselskapa.

Bussjåfør

Arne er bussjåfør og må alltid vere presis etter gjeldande tidstabell. Står det i tidstabellen at ruteavgangen er klokka 09.00, må Arne køyre klokka 09.00 – ikkje 08.55 eller 09.05.

Fraktavtale

Når ein godskunde kjøper frakt, inngår han ein fraktavtale. Vilkåra for slike avtalar finn vi i vegfraktlova.

Godssjåfør

Hans er godssjåfør og må alltid oppfylle fraktavtalane som er inngått. Står det i avtalen at han skal levere gods kl. 09.00 pluss–minus 15 minutt, må han levere godset i tidsintervallet frå kl. 08.45 til kl. 09.15, verken før eller seinare.

Kjøpsavtale

Når ein kunde bestiller varer hos ein seljar, lagar seljaren ein kjøpsavtale. Vilkåra ved kjøpsavtalar går fram av kjøpslova.

Logistikkoperatør

Kari er logistikkoperatør og arbeider på eit grossistlager. Når Kari plukkar ordrar, må ho alltid plukke riktig vare og levere nøyaktig det som er bestilt, ikkje eit anna tilnærma likt produkt viss lageret ikkje har den vara kunden har bestilt.

Læringsressursar

Yrkesetikk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs