1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KvalitetskravChevronRight
  5. BeredskapsrutinarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Beredskapsrutinar

Når transport- og logistikkvirksomheter ikke klarer å levere varer og tjenester med de egenskapene kundene forventer, må det settes i verk tiltak. Bedriftene har rutiner for hvordan de skal handle i slike situasjoner.

Veisperring med skiltet veien er stengt. foto.

Mykje uventa kan skje undervegs, og då må vi setje i verk tiltak. Trafikkulukker, stengde vegar og køyretøyhavari er døme på situasjonar som krev tiltak. For å kunne reagere riktig i slike situasjonar har bedriftene beredskapsrutinar som må følgjast når det oppstår avvikssituasjonar.

Kundar som har bestilt varer, reknar med at leveringsservicen er god. Leveringsservicen består av ei rekkje element, og når eitt eller fleire element ikkje kan innfriast, må kundane få informasjon om det. Døme på situasjonar som krev at kunden blir varsla, er

  • når vi er tomme for ei vare
  • når vi ikke greier å halde avtalt leveringstid
  • når vi påfører godset transportskade

Tilsvarande må kollektivtrafikantar få nødvendig informasjon ved ruteomleggingar og større forseinkingar. Passasjerar som har bestilt billett elektronisk, kan ofte varslast elektronisk – slik fleire flyselskap har begynt med. I kollektiv nærtrafikk er det ikkje mogleg å varsle, men ved hjelp av elektroniske oppslagstavler på haldeplassane kan dette problemet løysast nokre stader.

Skulle det skje alvorlege trafikkulykker, må du kontakte redningsetatane: brannvesenet på telefonnummer 110, politiet på 112 og AMK-sentralen på 113. Desse etatane har eigne prosedyrar for kva slags informasjon dei treng, så her er det best at du svarer systematisk på spørsmåla du får, i den rekkjefølgja dei kjem.

Læringsressursar

Kvalitetskrav

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs