1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KvalitetskravChevronRight
  5. Krav ved persontransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Krav ved persontransport

I dette avsnittet lærer du kva eigenskapar kundane ved persontransport etterspør for å bli nøgde. Krava varierer med lengda på reisa.

Passasjerer på buss. foto.

Eit døme på kundekrav ved persontransport

Selskapet Ruter AS driv kollektivtransport i Oslo. I skuleåret reiser Tatiana med Ruter til og frå skulen. Transporten frå A til B kallar vi kjernetenesta. I tillegg har Ruter spesifisert ein del tilleggstenester for at Tatiana skal bli nøgd.

Døme på slike tilleggstenester er god sitjekomfort, leselys over kvart sete, god informasjon og at sjåføren har ein mjuk køyrestil. Alt dette er viktig for at Tatiana skal bli tilfreds med transporttenesta.

Det spesielle ved persontransport er at kundane deltek i produksjonsprosessen heile tida, frå det tidspunktet dei går på transportmidla, til dei går av. Det er òg viktig for Tatiana at Ruter held tidstabellen, at transportmiddelet er reingjort, og at sjåføren opptrer høfleg. Presise avgangar og framkomstar er alltid viktige eigenskapar ved transport.

Persontransportteneste = kjerneteneste + tilleggstenester

Lista nedanfor viser nokre viktige eigenskapar ved persontransport:

  • avgang og framkomst i samsvar med tidstabell
  • kort avstand frå haldeplass til reisemål
  • sitjeplass med tilstrekkeleg beinplass
  • reint transportmiddel
  • mjuk køyring

På lange reiser er òg desse eigenskapane viktige:

  • tilgang til leselys
  • tilgang til regulerbare stolar
  • tilgang til toalett
  • tilgang til bagasjeoppbevaring

Oppgåve

Kan du komme på fleire eigenskapar som kollektivtrafikantar har behov for?

Sjåfør legger koffert i baggasjerom på buss. foto.

Læringsressursar

Kvalitetskrav

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs