Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KvalitetskravChevronRight
  5. Krav ved godstransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Krav ved godstransport

Mange aktørar er involverte i eit godstransportoppdrag, og krava til dei ulike aktørane varierer. I dette avsnittet lærer du kva dei ulike aktørane legg vekt på for at kundane skal få varene sine skadefrie og til avtalt tid.

Samlebånd med pakker på Postens godssenter. foto.
Ferdigsorterte pakker lastes i container.

Eit døme på kundekrav ved godstransport

Når seljarar og kjøparar av varer er på ulike stader, må varene sendast frå seljaren til kjøparen. Slike kjøp kallar vi sendekjøp. Godstransport oppstår som eit resultat av sendekjøp, og kunden kjøper altså godstransport i kombinasjon med eit sendekjøp.

Daniel har gjort eit sendekjøp av ein pc frå ein nettbutikk langt vekke. Nettbutikken må derfor levere både kjerneproduktet som Daniel etterspør, og ei godstransportteneste for å få pakken levert. Nettbutikken sel her ei vare med tilleggstenester, pluss transport med tilleggstenester. Nettbutikken leverer sjølv vara med tilleggstenester, men kjøper transporten med tilleggstenester frå Bring.

For nettbutikkar som sel til forbrukarmarknaden, er viktige eigenskapar ved levering av lagertenester

  • riktig registrering av kundeordren
  • feilfri ordreplukk
  • riktig informasjon til kunden (fraktbrev, faktura, sporingsnummer, kontaktopplysningar ved reklamasjon, informasjon om restordrar og tidspunktet dei vil bli ekspederte)
  • riktig emballering for å førebyggje transportskade
  • overlevering av vara til godstransportør til avtalt tid

Nettbutikken tek kontakt med Bring, som skal transportere pakken til Daniel. Bring tek først imot pakken frå nettbutikken, og deretter transporterer Bring pakken til det Post-i-Butikk-senteret som ligg nærast Daniel. Her må Daniel sjølv hente pakken. For Daniel er det viktig at pakken kjem fram utan transportskade og til avtalt tid. Godstransportørene må derfor sikre at transporttenestene deira har dei nødvendige eigenskapane som varekjøparane krev.

Inngangsparti til PIB-senter. foto.
PIB-senter (Post-I-Butikk).

Viktige eigenskapar ved godstransport

Viktige eigenskapar ved godstransport er å levere sendinga

  • komplett
  • til rett tid
  • til riktig utleveringsstad
  • skadefri
  • med korrekt informasjon (angrefristskjema, faktura, sporingsnummer)

Produksjonsbedrifter og handelsbedrifter som kjøper godstransporttenester, legg òg vekt på andre eigenskapar. Mange slike bedrifter får i dag tilført innsatsfaktorar (råmateriale,
komponentar og ferdigvarer) i takt med produksjonen. Stoppar tilførselen opp, stoppar også produksjonen opp. Bedriftene legg derfor stor vekt på at transportøren kan levere

  • pålitelege transporttenester (levering til avtalt tid)
  • sikre transporttenester (levering utan transportskade)
  • transportmiljø tilpassa dei krava som varene stiller (særleg temperaturkrav for matvarer: kjøl, frys, sval)

Samlastspeditørar mottek gods frå mange avsendarar og distribuerer godset til mange mottakarar. Slike bedrifter legg stor vekt på

  • feilfri sortering av godset
  • påliteleg transport (levering til avtalt tid)
  • sikker transport (skadefri leveranse)
  • riktig informasjon til transportkjøparen (sporingsnummer, faktura)
Vogntog parkert ved sentrallager.
Dagleg levering av heile vogntog med nye ferdigvarer til avtalt tid er avgjerande for plukking av ordrar ved sentrallageret.

Læringsressursar

Kvalitetskrav