1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KvalitetskravChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kvalitetskrav

Her skal du først lære kva kvalitet er. Deretter følgjer to døme på kva vi meiner med kvalitet i persontransport og godstransport.

3 emojies som symboliserer hhv lav, middels og høy tilfredshet. Illustrasjon.

Kvalitet

Kundar etterspør varer og tenester for å dekkje ulike behov. For å dekkje desse behova skaper produsentane varer og tenester med eigenskapar som kundane etterspør.

Produkteigenskapar
Produkteigenskapar.

Vi seier i dag at kvalitet er summen av eigenskapane eit produkt har. Samtidig seier vi at eit produkt består av eit kjerneprodukt pluss tilleggstenester. Kvaliteten på eit produkt er derfor den heilskapen av eigenskapar vi oppfattar at kjerneproduktet og tilleggstenestene har.

Kjerneprodukt med tilleggstenester
Kjerneprodukt med tilleggstenester

Kvalitet = summen av eigenskapane til eit produkt

Kunden sitt behov

Daniel skal kjøpe seg ny pc. Han skal bruke pc-en til skulearbeid, men også til å spele dataspel. Han har derfor behov for ein pc med rask prosessor og eit raskt skjermkort. Han går inn på nettet og vurderer eigenskapane til pc-ar frå ulike leverandørar og bestemmer seg for ein pc frå HP. Produkt som ikkje har dei eigenskapane Daniel etterspør, vel han bort. Daniel vurderer produktkvaliteten ut frå sitt personlege behov.

Diagram viser kjernetjeneste med tilleggstjenester. illustrasjon.

Målet for produsentane er å levere produkt som oppfyller kundane sine behov på ein best mogleg måte. For å kunne tilfredsstille behova til ulike kundar leverer produsentane mange produkt i ulike kvalitetar eller med ulike eigenskapar.

Persontransport

Eit produkt kan vere ei vare, ei teneste eller ein kombinasjon av dei. Produksjon av persontransporttenester er rein tenesteproduksjon. Produktet består då av kjernetenesta med tilleggstenester, og kundane stiller krav til båe.

Kundekrav ved persontransport = krav til kjerneteneste + krav

til tilleggstenester som kundane forventar

Godstransport

Godstransport oppstår alltid i kombinasjon med eit varekjøp når seljar og kjøpar ikkje er på same staden. Då må både vara og godstransporttenesta tilfredsstille kundekrava.

Kundekrav ved varekjøp = krav til kjerneprodukt med tilleggstenester + krav til godstransport med tilleggstenester

Medan seljaren følgjer opp kundekrava til sjølve vara med tilleggstenester, er det godstransportøren som må følgje opp kundekrava til transporten med tilleggstenester. Dersom sendinga må innom ein terminal, påverkar kundekrava også terminaltenestene. Dess fleire ledd som er involverte, dess lettare er det å gjere feil, og dess viktigare blir det at alle involverte kjenner kundekrava og oppfyller dei.

Lastebil på landeveien. foto.

Læringsressursar

Kvalitetskrav