Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KundeserviceChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Skitur til Lillehammer

Oppgåvene er utdrag frå ei eksamensoppgåve og tek for seg sentrale tema som planlegging av transportoppdrag og førstehjelp.

Oppgåve 1

Du arbeider for eit buss-selskap i Bergen, og har fått i oppdrag å arrangere ein tur med 40 ungdommar som skal frå Knarvik til Lillehammer for å stå på ski. Avreisedag er 02.03.13. Du sjekkar vegmeldingane i vedlegget redusert vegliste.

Filer

  1. Kva busstype vil du velje? Grunngi svaret.
  2. Lag ei reiserute.
  3. Kor lang tid reknar du med at de vil bruke på denne turen? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

  1. I Indre Arna er det ein personbil som ikkje overheld vikeplikta i rundkøyringa mot Arnanipatunnelen, E 16, og køyrer inn i sida på bussen. Korleis vil du sikre skadestaden?
  2. Sjåføren i personbilen sit fastklemd, og klagar på smerter i nakken. Kva slags førstehjelp vil de gi han?
  3. Demonstrer på ei førstehjelpdokke korleis de vil utføre hjarte- og lunge-redning.
  4. Gå saman i par og fyll ut skademeldingsskjema. I rubrikken «Personlege opplysningar» er ein av dykk er sjåfør A, den andre sjåfør B.

Læringsressursar

Kundeservice