Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KundeserviceChevronRight
  5. Planlegging og gjennomføring av transportoppdragChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Planlegging og gjennomføring av transportoppdrag

Eit transportoppdrag kan planleggjast og gjennomførast på fleire måtar. Det som er viktig, er at planlegginga og gjennomføringa skjer etter dei lover og reglar som myndigheitene har fastsett. Dette skal du øve på i dei to oppgåvene under.

Oppgåve 1

Du får i oppdrag å køyre eit lass skifer med vogntoget ditt frå din eigen heimstad til Nesna i Nord-Noreg. Det tek ein time å laste, og du køyrer frå heimstaden din kl. 0800 måndag morgon. Det er vinterføre heile vegen.

I Nesna skal du laste fisk til Oslo. Opningstida til bedrifta du skal levere skiferen til, er frå kl. 0700 til kl. 1600. Fisken kan lastast frå kl. 1400 til kl. 2200.

Planlegg ein tur frå heimstaden din til Nesna og vidare til Oslo

Turen kan planleggjast og gjennomførast på fleire måtar. Det er viktig at planlegginga og gjennomføringa skjer etter gjeldande lover og reglar.

Oppgåve 2

Som yrkessjåfør eller logistikkoperatør må du kunne planleggje ein transport med eit vogntog frå A til B. Planlegginga kan ofte vere ei komplisert oppgåve med mange faktorar å ta omsyn til.

Planlegg ein tur frå Dombås til Stavanger

Du reiser frå Otta kl. 0700 måndag morgon. Set opp køyreruta, og vis ved utrekning når du vil vere framme i Stavanger.

Læringsressursar

Kundeservice

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs