1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KundeserviceChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kundeservice

Du har tidlegare lært at service er ei teneste. Ei teneste består av ei kjerneteneste med tilleggstenester. Til saman skal dei dekkje dei behova – og helst også dei ønska – kunden har. Vi beskriv her kva for eigenskapar kundane etterspør før og under transport.

Fornøyde passasjerer i buss. Bilde.
Fornøgd passasjer

Service og kundebehandling ved persontransport

Basis og tilleggstjenester ved persontransport. Bilde med tekst.
Persontransportteneste

Dersom ein passasjer skal bli fornøgd, må både kjernetenesta og tilleggstenestene svare til forventingane passasjerane har:

  • Transporten frå A til B må skje i samsvar med tidstabellen (kjernetenesta).
  • Bussen skal vere rein og komfortabel, og alt må fungere (den tekniske delen av tilleggstenestene).
  • Sjåføren må opptre profesjonelt (den utførande delen av tilleggstenestene).

Service er ei teneste

Service og kundebehandling ved godstransport

Godstransport
Godstransport

Godstransport er resultatet av at ein kunde kjøper ei vare frå ein seljar som held til ein annan stad enn kjøparen. Vara må då sendast som transport til kunden. Vanlegvis inneber det at fleire aktørar er involverte i arbeidet med å levere ei godstransportteneste, til dømes

  • ein distribusjonssjåfør som hentar godset hos kunden og køyrer det til ein avsendarterminal
  • logistikkoperatørar på avsendarterminalen som sorterer godset
  • ein konteinarsjåfør som transporterer godset frå avsendarterminalen til ein mottakarterminal
  • logistikkoperatørar på mottakarterminalen som sorterer godset
  • ein distribusjonssjåfør som leverer godset til mottakaren

Også her gjeld det at kjernetenesta og tilleggstenestene må svare til forventingane godskunden har:

  • Kjernetenesta (transport – sortering – transport) må følgje transportavtalen.
  • Transportmidla skal vere reine og må fungere (teknisk del av tilleggstenestene).
  • Terminalane og sorteringsutstyret må fungere (teknisk del av tilleggstenestene).
  • Sjåførane og logistikkoperatørane må opptre profesjonelt (utførande del av tilleggstenestene).

Læringsressursar

Kundeservice