1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. Strukturen i innanlandske sjøtransportarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Strukturen i innanlandske sjøtransportar

Her lærer du korleis innanlandske sjøtransportar er organiserte i dag, og korleis strukturen i sjøtransportnettverka er.

Hurtigruta på tur mot utløpet av Nærøysundet. Foto.
Hurtigruta på tur mot utløpet av Nærøysundet.
Kart over Norge og Norskekysten viser stamnettet til sjøs. illustrasjon.
Hovudtransportårar til sjøs.

Transportsystemet

Transportsystemet til sjøs er bygd opp rundt hamner, farleier og overvakingssystem, som sikrar at skipa kan ferdast trygt.

Ansvar

Ansvaret for hamnene er lagt til kommunane. Ansvaret for lostenester og arbeid med farleier og navigasjonsinstallasjonar, inkludert fyr, er lagt til Kystverket.

Utbygginga av hamner er vanlegvis eit kommunalt ansvar, men for hamner som har fått status som nasjonalhamner, går staten inn og tek medansvar for framkjømda til hamnene frå landsida.

Drift

Kommunane driv hamnene med avgifter dei mottek. Alle skip som legg til ved ei havn, må betale anløpsavgift for skipet (sjå lenkje i margen). I tillegg kan kommunale hamnestyre krevje inn andre avgifter. Hamnestyra regulerer avgiftsregulativa for hamnene årleg.

På hamneområdet finn vi òg mange aktørar som leiger areal og bygningar for å drive kommersiell verksemd med utgangspunkt i hamna. Dette gir hamna tilleggsinntekter.

Hamneavsnitt

Ei hamn kan bestå av mange hamneavsnitt, som er spesialiserte for ulike båt- eller godstypar. Til dømes har Oslo hamn mellom anna:

  • eitt hamneavsnitt for passasjer- og bilferjetrafikken til og frå utlandet
  • eitt hamneavsnitt for tankbåtar som leverer drivstoff til det sentrale Austlandet
  • eitt hamneavsnitt for konteinarbåtar med stykkgods som vi importerer frå resten av verda

Gods, passasjerar og bilar

Transportsystemet til sjøs består primært av båtruter som transporterer gods på kommersiell basis. Passasjer- og bilferjer transporterer dagleg konteinarbilar med stykkgods til og frå Noreg.

I tillegg har vi eit kollektivtilbod med båt, som sikrar godstilførsel og høve for persontransport til stader utan vegsamband.

Det meste av det vi importerer frå utlandet, kjem til hamnene i Oslo og omland. Derifrå går varene med bil til dei store sentralterminalane og sentrallagra for vidare distribusjon til
resten av landet med bil og bane.

Rederi

Fleire rederi trafikkerer òg ruter langs norskekysten. Døme på slike rederi er:

  • Norlines, som fraktar stykkgods og partigods langs norskekysten i eigen regi, og til og frå resten av verda i samarbeid med utanlandske agentar
  • Chriship, som mellom anna fraktar konteinarar som kjem med Nordlandsbanen til Bodø, vidare til Tromsø og Alta

Rederi med norsk bakgrunn trafikkerer ikkje berre norske hamner. Somme er globale og transporterer bulkvarer som olje og gass og stykkgods av ulikt slag verda rundt.

Læringsressursar

Bransjelære

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Jernbanenettet og korleis det heile starta

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innanlands sjøtransport – slik starta det

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Starten på lufttransporten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kommunal samferdselspolitikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Luftfart (interaktiv oppgåve)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff