1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. Vegnettet i NoregChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vegnettet i Noreg

Dei siste 50 åra har det offentlege vegnettet blitt om lag 40 000 kilometer lengre. Det svarer til omkrinsen av jorda. Vi skal her sjå på utfordringane styresmaktene har møtt i arbeidet med å utvikle vegnettet, fordeing av ansvar mellom stat, fylkeskommunene og kommunene og strukturen på vegnettet.

Historisk bilde fra bymiljø med seilbåt ved brygge og hest med kjerre i gaten.foto.
Før bilen blei introdusert, var hest og båt dei viktigaste framkomstmidla over lange avstander.

Bilen

Med bilen følgde moglegheiter til å forflytte seg raskt over lange avstandar. Bilen gjorde det mogleg å skape nye arbeidsplassar utanfor gangavstand frå bustadområda.

Dette har vi halde fram med heilt til i dag. Samtidig har vi bygd ut vegnettet, slik at vi kan nå alle reisemåla våre. Bustadmønsteret vi har skapt, har ført til liten vegkapasitet i mange byar og tettstader, fordi mange skal reise til og frå skule og arbeid samtidig.

Transportsystemet

Transportsystemet på veg er delt inn i

• kommunale vegar
• fylkesvegar (ofte vegar som knyter kommunar saman)
• statlege vegar (riksvegar og europavegar) som knyter fylke og landsdelar saman

Vegnettet sin struktur

Vi seier ofte at vegnettet har ein hierarkisk struktur, der det høgaste nivået er europavegar og det lågaste er kommunale vegar.

Tidlegare hadde det kommunale vegnettet i byane ein tydeleg nav-eikestruktur. Vegane var «eiker» mellom bustadområda og sentrum (navet), der dei fleste arbeidsplassane låg. Etter kvart som nye bustadområde og handelssenter er bygde ut, fungerer dei kommunale vegnetta i dag meir som lokale nettverk, der vi kan nå reisemåla våre langs alternative ruter.

Det samla vegnettet er bygd ut over lang tid, i takt med at talet på bilar har auka. Figuren viser korleis lengda på vegnettet har utvikla seg over tid. Totalt har vi i dag i overkant av
90 000 kilometer veg i Noreg.

Lenkje til artikkelen "Fra kjerre- til motorvei" på ssb.no.

Læringsressursar

Bransjelære

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Jernbanenettet og korleis det heile starta

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innanlands sjøtransport – slik starta det

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Starten på lufttransporten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kommunal samferdselspolitikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Luftfart (interaktiv oppgåve)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff