Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. Strukturen i transportnettverkaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Strukturen i transportnettverka

Alle transportnettverka er bygde opp rundt den same grunnstrukturen. I dette avsnittet går vi gjennom denne grunnstrukturen.

Trafikkmaskin i tre plan med avkjørsler og rundkjøringer, og med grøntarealer og bebyggelse rundt. foto.
Sinsenkrysset i Oslo er en treplans trafikkmaskin og et av Norges mest kjente veiknutepunkter.

Vegnett til sentrum

I kvar by finn vi eit vegnett som knyter bustad- og arbeidsplassområde til eit sentrum. I småbyar køyrer bussar radielle ruter mellom bustad- og arbeidsplassområda og sentrum. For at færrast mogleg skal sleppe å byte transportmiddel i sentrum, går mange bussar i heilpendlar mellom jamstore bustadområde på kvar side av sentrum.

I litt større byar kan trafikkgrunnlaget vere tilstrekkeleg til at busselskapa òg opprettar ringruter. Slike ruter gjer det mogleg å reise mellom bustad- og arbeidsplassområde utan å reise via sentrum. Somme ringruter kan òg gå via sentrum.

Veinettet mellom sentrum i en by og områder rundt er tegnet inn med linjer, og ikoner markerer hvilken typer områder det er snakk om. plansje.
Prinsippskisse av strukturen i vegnettet for ein by eller ein litt større tettstad. Ofte er dette eit kommunesenter, eit regionsenter eller eit landsdelssenter.

Trafikkgrunnlag

Undersøkingar har vist at ei bussrute i ein by eller ein tettstad krev eit befolkningsgrunnlag på om lag 5000 menneske for å gå i økonomisk balanse. Sporvogn eller tog krev eit langt større befolkningsgrunnlag. I Oslo finn vi mange område som gir grunnlag for kollektiv nærtransport. I eit fylke som Troms, med 25 kommunar, er det berre tre byar som har ei befolkningsmengd som gir grunnlag for kollektiv nærtransport. Det er Tromsø, Harstad og Finnsnes.

De ulike strekningene for T-banenettet i Oslo er tegnet inn som linjer med forskjellige farger med endestasjoner og stoppesteder skrevet inn.plansje.
T-banenlinjene i Oslo

I store byar finn vi ofte eit T-banenett med same struktur som vegnettet. T-banenettet avlastar vegnettet og forsterkar transportkapasiteten i slike byar. Det er berre Oslo som har eit tilstrekkeleg trafikkgrunnlag for eit T-banenett i Noreg.

Infrastruktur mellom Oslo og byer i østlandsregionen er tegnet inn med linjer og ikoner markerer hvilken type transport det er snakk om. plansje.
Regional infrastruktur

Transportnettverk mellom byar og tettstader

Byar og tettstader kan vere knytte saman ved hjelp av eit vegnett og eit jernbanenett. Langs vegnettet på figuren går det region- og ekspressbussar til og frå Oslo. Også godsbilar bruker det same vegnettet. Langs jernbanenettet (som er annleis enn vegnettet) går det intercitytog, regiontog og lokaltog, som alle avlastar vegnettet og bidreg til avviklinga av persontrafikken.

Transportnettverk mellom landsdelar

Ved lange personreiser mellom landsdelane er både fly og tog konkurransedyktige. Mellom landsdelane finn vi derfor eit lufttransportnett med nav-eikestruktur, der Gardermoen er det
sentrale navet. For jernbanenettet er Alnabru det sentrale godstransportnavet for kombitransporten til CargoNet, og Oslo S det sentrale navet for persontransport med fjerntoga.

Folkemengde venter på perrong. foto.
En bussrute i en by eller et tettsted krever et befolkningsgrunnlag på cirka 5000 mennesker.

Oppgåve

Teikn inn ei radiell rute, ei heilpendelrute og ei ringrute på figuren over. Forklar fordelar og ulemper med dei ulike rutetypane.

Oppgave

Plasser T-banelinjene i Oslo inn i grunnstrukturen du har lært. Følg denne lenkja til Ruter.no.

Læringsressursar

Bransjelære

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Jernbanenettet og korleis det heile starta

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innanlands sjøtransport – slik starta det

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Starten på lufttransporten

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kommunal samferdselspolitikk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter