Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Bransjelære

I dette avsnittet lærer du om nettverka vi treng for person- og godstransport og formidling av informasjon.

Kontainerhavn med tanker, kontainere, rørgater, veier, heisekraner, skip og lastebiler.Foto.
Sjursøya i Oslo, Norges største containerhavn.

Nettverk

Utbyggingane av nettverka er kostbare og blir som regel finansierte med offentlege midlar ut frå politiske prioriteringar. Derfor vil du også lære litt om korleis samferdselspolitikken har utvikla seg.

Fysiske nettverk

  • eit vegnett
  • eit jernbanenett
  • eit flyplassnett
  • eit hamnenett
  • eit røyrtransportnett for olje og gass

Netta for formidling av informasjon

  • jordbunde linje- eller kabelnett
  • trådlause nett bygde opp rundt ulike basestasjonar

Nettverka er kopla til kvarandre, og derfor er også kapasiteten i koplingspunkta viktige. Styresmaktene freistar å styre investeringane i transportnettverka gjennom Nasjonal transportplan (NTP). NTP har ein planhorisont på 10 år, men blir revidert kvart fjerde år. For tida gjeld NTP for 2010–2019. Arbeidet med å revidere planen er i gang, og neste NTP vil gjelde for 2014–2023.

Eit robust nasjonalt transportnett

Noreg treng eit samanhengande, kapasitetssterkt og robust nasjonalt transportnett for å redusere avstandskostnadane og auke påliteligheita i transportsystemet. Nettet er av vital og
aukande betyding for transporten til næringslivet og mobiliteten til befolkninga. Vareflyten krev logistikkløysingar som i aukande grad føreset påliteleg infrastruktur. Personreiser
aukar i lengd, spesielt forretnings- og feriereiser. Gode kommunikasjonar og nettverk er svært viktig for næringslivet og utvikling av arbeidsplassar. Næringslivet blir stadig meir globalisert. For at norsk næringsliv skal kunne ta del i denne utviklinga, må vi styrkje transportnetta innanriks og til og frå utlandet.

(Kjelde: NTP 2010–2019)

Lenke til Nasjonal transportplan - NTP - hos regjeringen.no

Emner

Bransjelære

  • Yrkesetikk

    Med yrkesetikk meiner vi dei reglane som gjeld for korleis du bør utføre arbeidet ditt. Desse reglane kan vere både uskrivne og skrivne.

  • Kundeservice

    Du har tidlegare lært at service er ei teneste. Vi beskriv her kva for eigenskapar kundane etterspør før og under transport.

  • Kvalitetskrav

    Her skal du først lære kva kvalitet er. Deretter følgjer to døme på kva vi meiner med kvalitet i persontransport og godstransport.

Læringsressursar

Bransjelære

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter