Kva meiner vi med berekraftig turisme i Noreg? Her skal vi sjå på nokre døme på berekraftige reisemål. Kanskje veit du om fleire døme på berekraftig reiseliv i lokalmiljøet eller ein stad du har vore på ferie?

Målretta utvikling
Berekraft er overordna i reselivsstrategien til regjeringa Destinasjon Noreg (2012).
Aktørane i reiselivet må finne tiltak som tek omsyn til natur, kultur, miljø, lokalsamfunn og lønnsemd. Desse omsyna kan komme i konflikt med kvarandre: Til dømes kan det nokre gonger vise seg å vere vanskeleg å ta omsyn til både naturen og lønnsemda.
Pilotdestinasjonar
Innovasjon Noreg har valt ut fem pilotdestinasjonar. Føremålet er å finne ut korleis vi kan jobbe målretta for å utvikle eit berekraftig reisemål. Dei fem stadene skal vere ein læringsarena for utprøving. Dei skal gi oss kunnskap og erfaringar som vi kan bruke til å utvikle «ei av dei beste berekraftige natur- og kulturopplevingane i Europa».
Dei fem pilotdestinasjonane er Vega, Trysil, Røros, Lærdal og Geilo.
Vega
Vega har ein heilt spesiell status i norsk reiseliv. Nyleg kåra avisa Observer øyriket til eit av verdas ti fremste «uoppdaga» reisemål. I 2004 blei Vega-øyane skrivne inn på verdsarvlista til UNESCO.
Trysil
Trysil er ein av dei største destinasjonane i landet og ein spennande berekraftspilot. Balansen mellom utbygging for mange tilreisande og ønsket om å ta ansvar for klima, lokalmiljø og lokalsamfunn er utfordrande og krev breitt samarbeid.
Her kan du lese mer om Trysil.
Røros
Bergstaden Røros er ein av få gruvebyar i verda som står på UNESCO si liste over verdas kulturarv. Byen er ein av dei eldste trehusbyane i Europa som framleis er eit levande lokalsamfunn. Kompetanseheving og vertskapsrolla er sentrale tema for Rørospiloten.
Her kan du lese meir om Røros .
Lærdal
Lærdal er eit viktig knutepunkt mellom aust og vest i Noreg. Bygda ligg inst i Sognefjorden, omkransa av høge fjell og flott natur. Lærdal ønskjer å betre økonomien i reiselivet, blant anna ved å ta vare på det særeigne ved lokalsamfunnet og natur- og kulturarven i komunen.
Her kan du lese meir om Lærdal.
Geilo
Geilo Fjellandsby har ei større utbygging av hytter på Kikut ved Geilo. Prinsippa for berekraftig reiseliv skal vere grunnlaget for alle viktige avgjerder om utviklinga av området. Dei skal styre alt frå design, innkjøp, energi og kulturelt innhald til transport og arbeidskraft med meir.
Læringsressursar
Berekraftig reiseliv
Fagstoff
Kva meiner vi med berekraft?
KjernestoffBerekraftige produkt
Kjernestoff- Kjernestoff
Berekraftige reisemål i NoregDu er her
Globale berekraftige reiser
KjernestoffBehov for berekraftig ferie?
KjernestoffInternasjonal berekraft
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Berekraftige produkt
KjernestoffBerekraftig norsk reiseliv?
KjernestoffInternasjonal berekraft
KjernestoffBehov for berekraftig ferie?
KjernestoffBerekraftig tilbod
KjernestoffUlike nemningar – same sak?
KjernestoffBerekraftig engelsk turisme?
KjernestoffBerekraftig reiseliv – kva har du lært?
Kjernestoff